Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Haslemoen leir

Frå krut og rekruttar til allsidig næringsverksemd

Før

Brukt som:
Rekruttskole og befalsskoleopptak
Beregnet for:
Hovudbase for artilleriet i Hæren

Etter

Brukt som:
Næringseigedom
Beregnet for:
Næringsverksemd

 

I 1955 vart Haslemoen leir i Solør i Våler kommune i Hedmark opna. Leiren var hovudbase for artilleriet i Hæren.

Det har heilt sidan siste verdskrigen vore noko militær aktivitet der. På Haslemoen var det òg både rekruttskole og befalsskoleopptak til artilleriregimentet.

Innhaldsrik eigedom

Haslemoen leir er ein stor og samansett eigedom som består av 55 000 kvadratmeter bygningsmasse fordelt på mellom anna kontor, forlegningar, messer, verkstader, garasjar, idrettsanlegg, lager og bustader. I tillegg til leiren var det ein skogseigedom, med landbruksareal og utmark. Dei aller fleste bygningane var frå 1950-åra. Leirområdet var på 675 mål, det tilhøyrande bustadområdet på 134 mål og skogs- og jordbruksområdet på 17 300 mål.

Skape ny verksemd

I april 2005 kjøpte Våler kommune Haslemoen leir. Leiren var ein viktig arbeidsgivar i lokalmiljøet, og kommunen ynskte å skape positiv etterbruk av området. I 2006 blei ein stor del av eigedommen seld til Haslemoen AS.

Allsidig aktivitet i utleigde bygg

– Våler kommune har behalde ein del av bygga og leiger ut mellom anna tekniske verkstader, gymsal, garasjar, velferdsbygget og lagerhallar, seier Asgeir Rustad i Våler kommune. I kanonhallen er det innandørs fotballbane, i forvaltningsbygget er ein dørprodusent leigetakar, og undervisningsbygget blir brukt som skole. Skogen blir driven av Glommen Skog, landbruksareala er pakta bort, og utmarksområda blir leigde ut til motorsport, fortel Rustad. Bustadeigedommane blir hovudsakleg leigde ut. Éi av to bustadblokker er rehabilitert, og leilegheitene blir leigde ut. Den andre blokka er under rehabilitering, og det nyetablerte burettslaget Storskjær eig begge blokkene.

Næringsutvikling

I juni 2006 kjøpte næringsutviklingsselskapet Haslemoen AS 150 mål tomt og 29 bygg i den gamle delen av leiren av Våler kommune. I tillegg inngjekk dei ein avtale med kommunen om bruk av utmarksområda. – Konseptet vårt er å satse på utvikling som skaper god næring, førebels basert på to målgrupper: Norsk Miljøpark for Trafikk og motor og UDI, fortel styreleiaren i Haslemoen AS, Anders Heltzen. Den tidlegare befalsmessa er pussa opp og blir driven som hotell med 120 sengeplassar. Ein annan viktig leigetakar er Hero Norge AS som på vegner av UDI har drifta Haslemoen transittmottak sidan juni 2008. Anlegget har 800 sengeplassar. I tillegg leiger Haslemoen AS ut ein del bygg til lagerverksemd.

Foto: C360

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.