Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Terningmoen i Elverum

Frå skyte- og øvingsfelt til storslått fleirbruksanlegg

Før

Brukt som:
Skyte- og øvingsfelt
Beregnet for:
Ekserserplass for Østerdalens bataljon

Etter

Brukt som:
Terningen Arena
Beregnet for:
Kultur- og næringsverksemd
Terningmoen nær Elverum sentrum i Hedmark har ei historie som forsvarsanlegg heilt tilbake til midten av 1600-talet.

 

Leiren vart oppretta som ekserserplass for Østerdalens bataljon og vart etter kvart utvida til òg å omfatte skyteskole for infanteriet. Leiren ligg ved hovudvegen mot Elverum, nær Glomma og jernbanen.

Mange funksjonar

Leiren dekkjer eit stort område og blir mykje brukt av både militære og sivile aktørar til diverse skytetrening og prøver. Mange avdelingar i Forsvaret nyttar øvingsområda og skytebanane på Terningmoen, og her held mellom anna Gardeskolen, Heimevernet distrikt 05 og FLO Base Østerdalen til.

Vern

Tre omfattande utbyggingsperiodar pregar leiren: etableringsperioden seint på 1800-talet, bygginga under andre verdskrigen og utbygginga i etterkrigstida. Desse tidlege periodane er i dag representerte ved viktige bygningsmiljø og ein hovudstruktur som er teken vare på med mellom anna vegnett. Verneverdiane er knytte til bygningsmiljø som viser historia og utviklinga til leiren, i tillegg til visse bygningsmiljø som har ein spesiell arkitektonisk eller militærhistorisk verdi i nasjonal samanheng.

Tomt skild ut frå Terningmoen

I 2008 selde vi ein del av leirområdet til Elverum kommune. Kommunen planlegg å realisere fleirbruksanlegget Terningen Arena på tomta. Arbeidet med anlegget er i gang, og anlegget skal etter planen ferdigstillast i 2010/2011.

Kompetansesenter for idrett, helse, næring og kultur

Terningen Arena skal innehalde både innandørs- og utandørsbanar, idrettshallar, undervisningslokale og lokale for kultur og næring. Etter fleire år er Terningen Arena no endeleg klar til å opnast og helga den 7.- 9. januar 2011 er det offisiell opning av bygget som inneheld blant anna klatrevegg, handballbane, turnhall og fleire andre idretts- og kulturarenaer.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.