Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bømoen leir

Frå militærleir til bustader, næring og rekreasjon

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Forlegning, teknisk verkstad

Etter

Brukt som:
Næringseiendom og rekreasjon
Beregnet for:
Boliger, næring og rekreasjon

Frå110 år med militær verksemd til eit aktivt område for ein aktiv folkesetnad.

Bømoen leir i Voss vart oppretta som ekserserplass for Sogn bataljon i 1898 . I 2008 vart leiren dimittert etter 110 års teneste. Bømoen leir ligg ved utløpet av Raundalselven ca 4,5 km nordaust for sentrum av Voss. Eigedomen består av 1.950 dekar og ca 20.000 m2 bygningsmasse.

Fra 110 år med militær verksemd

Bergensbanen var ein god grunn for å leggja ein større ekserserplass til Voss. Utan banen hadde det knapt kome ein større ”eksisplass” på Bømoen. Bømoen vart oppretta som ekserserplass for Sogn bataljon i 1898 . Bømoen har over tid hust Sokn- og fjordane bataljonen, eitt sykkelkompani og Fjordane kompani. I 1910 vart etablissementet utvida med skytefeltet på Skjerve, og den eldste flystripa på Bømoen vart bygd ut i 1930-40 . Bømoen tekniske verkstad, seinare Voss tekniske verkstad, vart teke i bruk i 1975. I dei seinare årane har den sivile verksemda i delar av leiren vore aukande.

En grundig opprydding etter et langt liv

I forkant av salet vart skytebaner reinsa, avfallsdeponi rydda og forureina masse fjerna.

Høvestudie

I samarbeid med Voss kommune gjennomførde mulighetssudie. Éin studie som synleggjorde fleire høve på Bømoen. Høvestudie vart godkjend av Voss kommune.

..til eit aktivt område for ein aktiv folkesetnad

Bømoen leir vart seld for 41 millionar til Bømoen AS i 2012, og dermed vart eigedomen overført frå oss. To lokale entreprenørfirma er dei nye eigarane av Bømoen. Utviklinga av Bømoen-eigedomen skjer gjennom selskapet Bømoen AS. Arbeidet med reguleringsplan er sett igang, høvestudiet for Bømoen er fundamentet.
Reguleringsplan vert forventa endeleg vedteken i 2015 . Her vert gjeve det plass til inntil 1050 bustader av ulik storleik, ny barneskule, barnehage og idrettsanlegg. Området skal opprusting av rekreasjonshøve, blant anna Bømoløypa som går rundt området. 

Foto: Inviso og 3RW-arkitekter 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.