Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Liabygda

Frå lukka lager til lekkert gjestehus

Før

Brukt som:
Lager
Beregnet for:
Forsvaret

Etter

Brukt som:
Gjestehus
Beregnet for:
Overnatting for turistar

 

Forsvaret sitt gamle lager i Stranda kommune skal nå bli til ein fristande overnattingsstad for fjellturistar.

I gamle dagar vart bygningen frå 1953 nytta som lager for Forsvaret, men i 2005 var eigedomen selde til privat eigar. Forretningsmannen Kurt Oksnes kjøpte staden for to år sidan og starta arbeidet med å fjerne attspikra vindauger og å rehabilitere bygget i sommar.

-Planen er å gjere bygningen om til eit gjestehus. Etter at Forsvaret forlèt eigedommen har det vore vasskade og attmurte vindauge, men Forsvaret har gjort ein solid jobb innvending, fortel han. Oksnes meiner potensiale for turisme i Stranda er enormt stort.

Han ynskjer å komme i gang med tilbod om overnatting allereie til sommaren.

-Det er enorme moglegheiter for opplevingsturisme, seier han.

Han ser for seg å kunne selje pakkeløysningar der området kring Stranda vart flittig nytta. Og da vil eit slikt gjestehus med tilgang til kjøkken vere midt i blinken, seier han og ser for seg og halde oppe heile året.

-Om hausten kjem tilreisande for å fiske i fjorden, om vinteren kjem folk for å dra åp fjellet, her er mulegheiter heile året, slår han fast.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.