Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Steinkjersannan

Steinkjer: Frå militærleir til ny og levande bydel

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Militærleir

Etter

Brukt som:
Bustader og eigedomstvikling
Beregnet for:
Byutvikling
Militærlivet vart tidleg ein del av Steinkjer i Nord-Trøndelag. Det var lett å ta seg fram både på land og på havet. Steinkjersannan, ei sandslette i Steinkjer sør for munninga av Steinkjerelva, var i tillegg godt eigna til militærøvingar.

 

Alt på 1600-talet hadde Trondhjemske Infanteriregiment fire årlege samlingar i området. I 1869 vart Steinkjersannan fast ekserserplass for infanteriet.

Frå utbygging til nedlegging

Under den tyske okkupasjonen i 1940–1945 vart Steinkjersannan bygga ut til ein større militærleir. I perioden frå 1953 til 1994 fekk 100 000 soldatar grunnutdanninga si på Steinkjersannan. I denne perioden gjekk det i tillegg føre seg ei kontinuerlig utbygging og modernisering av leiranlegget.

Fleire organisatoriske endringar førte til at rekruttskolen på Steinkjersannan blei lagd ned i 1994. I 2002 blei Nord-Trøndelag regiment på Steinkjersannan lagt ned for godt.

Framtidsretta eigedomssatsing

Nedlegginga av militærleiren på Steinkjersannan førte til tap av fleire arbeidsplassar i Steinkjer. Pessimisme vart likevel snudd til begeistring ved salet til eigedomsutviklaren Hasle Gjerde i desember 2003. Kjøparen nytta alle moglegheitene for det sentrale området i Steinkjer. Mesteparten av bygningane i den gamle militærleiren blei rivne, og ein ny bydel er under utvikling.

Nytt liv på gammal eigedom

Flotte bustadkompleks og store uteareal har sidan då dukka opp på eit område som i fleire år har lege daudt. Salet har gitt grobotn for ny og heilt naudsynt vekst. Sannan bydel blir utvikla i høgt tempo. Bustadkompleksa Vakta, Obersten, Generalen, Løytnanten, Kapteinen og Innherred inneheld 200 bueiningar. Fullt utbygt vil bustadområdet romme omlag 700 bueiningar og 2000 menneske. Området er i tillegg lagt til rette for næringsaktivitet der barnehage, post, varehandel og verkstader er etablerte. Eigedomssatsinga har vore med på å gi Steinkjer ein ny giv og optimisme.

 

Foto: mil.no og Eiendomsmegler1

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.