Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bremnes fort

Frå kystartilleri og avrettingar til selskapslokale og friluftsliv

Før

Brukt som:
Tysk kystfort
Beregnet for:
kommandosentral, opphaldsrom og kystartilleri

Etter

Brukt som:
Kulturminne og friluftsområde
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel, selskapslokale
Bremnes fort er ein viktig del av krigshistoria i Bodø. Etter bombinga av byen under andre verdskrigen bygde tyskarane fortet som eitt av fleire fort for å sikre innseglinga til Bodø.

 

Fortet vart bygga av krigsfangar og romma kommandosentral, opphaldsrom og middels tungt kystartilleri. Av bilete og kart frå den tyske anleggstida ser vi luftvern, lyskastarar og nærforsvar i tillegg til kystartilleriet. Det var truleg omlag 350 mann stasjonerte på fortet i okkupasjonstida.

I oktober 1940 gjekk hurtigruteskipet «Prinsesse Ragnhild» ned i farvatnet utanfor fortet. Omstenda rundt forliset er usikre, men skipet kan ha rent på ei mine.

I 1945 blei fortet forlate ope då dei tyske styrkane forlét Bodø, og den lokale ungdommen nytta høvet til å lade og fyre av kanonane.

Avrettingar

Under landssvikoppgjeret var fortet avrettingsstad. Etter krigen vart fortet teke i bruk av Forsvaret. Det norske kystartilleriet heldt fortet i mobiliseringsstand fram til Forsvaret avgjorde at fortet skulle leggjast ned i 1994.

Giftarmål og fest

I 2005 vart portane til Bremnes fort i Bodø opna for allmenta. Sidan den gong har det vore fleire vigsler i den ruvande fjellhallen. Det gamle fortet er blitt eit populært selskapslokale for alt frå utdrikkingslag til gebursdagsfeiring. Det er òg oppretta samarbeid med fleire av hotella i Bodø om å bruke anlegget til forskjellige arrangement og «stunt».

Friluftsområde oppdaga på ny

For folk i Bodø var Bremnes-halvøya tidlegare ukjent terreng bak ein stengd port. Dei færraste visste kva staden hadde å by på før kommunen kjøpte området og gjerda forsvann. No er det blitt eit populært turområde. I strandområda er det orkesterplass for dei som vil beundre midnattssola. Frå toppen kan ein på ein god dag sjå tvers over Vestfjorden mot Lofotveggen.

Lokalhistoriske verdiar

Bremnes fort stod fleire år utan drift før Forsvaret avgjorde at det skulle avhendast. Bodø kommune inngjekk på førehand ein mellombels driftsavtale med oss, og så snart avtalen var på plass, fatta ei krigshistorisk interessert pensjonistgruppe – populært kalla KGB – interesse for fortet. Denne flotte dugnadsgjengen gjer eit stort arbeid for å sikre dei lokalhistoriske verdiane på området.

 

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.