Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skarsteindalen

Frå oppstilling og øving til leik og forsking ytterst i Nordland

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Forsvaret

Etter

Brukt som:
Næringssaktivitet
Beregnet for:
Forskning og undervisning
Forsvaret har i mange år lagt beslag på nokre av Noregs vakraste områder. I dag er sektoren i gang med å forlate fleire av desse plassane. Skarsteindalen leir i Nordland er eit eksempel på eit slikt område. I dag huser den tidegeare militærleiren alt frå høgteknologisk forsking til leik og undervisning.

 

- Skarsteindalen har gått fra å være ein sliten militærleir til å bli eit aktivt område med internasjonal forsking, leik og læring på ungdomskula, seier prosjektleiar Ellen Belsom.

Etter at Forsvaret avslutta sin aktivitet i Skarsteindalen på midten av 2000-tallet, har vi sikra og seld mange av eigedomane i den tidlegare leiren. Leiren består totalt av 29 bygningar etablert i perioden 1958-1986, noe som svarer til omlag 33 000 kvadratmeter. I tillegg inneholder leiren eit stort fjellanlegg på 5000 kvadratmeter.

Forsvaret i lokalsamfunnet

Andøya kallast gjerne "Den forblåse Ø" på grunn av klima, georgafi og tøffe værforhold, noe som gir både utfordringar og moglegheitar når det gjeld avhendinga. Kommunen ligger på 69. breddegrad og er dimed aller lengst nord i Nordland, det vil seie lenger nord enn mange av kommunane i Troms fylke.

- Forsvaret har i mange år vore ein betydeleg aktør i det lille samfunnet, og det var naturleg nok viktig med ein best mulig avhendingsprosess da Forsvaret skulle kvitte seg med eigedomane, seier Belsom og fortel at vi raskt innleda eit samarbeid med Andøy kommune då dei starta avhendiga.

Tidleg på banen

Vi starta arbeidet i Skarsteindalen allereie i 2002 då det vart kjend at Forsvaret skulle avslutte aktiviteten i leiren.Det vart tidleg klart at storleik og lokalisering ville kreve ein god del ekstra førebuingar før eigedomane kunne leggjast ut for salg.

I tett dialog med Andøy kommune var det bestemd at man skulle sjå på moglegheiten for å etablere eit utvekslingsselskap som skulle skape aktivitet og trekke til seg nye aktørar. Kommunen ynskja sjølv å etablere selskapet og å ha kontroll med dette.

Etter kvart fant komunen ut at dei ville skrinleggje planane om dette selskapet og bestemde at det skulle etablerast eit permanent asylmottak i leiren. Etter ein lang prosess stranda også desse planane. Dialogen mellom Andøy kommune og oss har heile tida vore prega av eit tett og godt samarbeid.

Stykkevis og delt

Heile Skarsteindalen vart lagt ut for salg våren 2007 og det melde seg fleire interessentar.Likevel var det ingen som tok sjansen på å kjøpe heile leiren, og tilbakemeldinga var klar på at kjøpare ynskte seg enkeltbygg. Det vart dermed fradelt tomter til kvart bygg, og enkelteigedomar vart lagd ut for salg sommaren 2008. Det gode samarbeidet med kommunen har fortsatt og det omfattar nå også kommunal overtaking av vann og avløp. I tillegg overtar Andøy Energi strømnettet i løpet av våren 2011.

I dag

I dag er den militære aktiviteten i leiren erstattet med fleire former for næringssaktivitet og leik. Blant desse kan nevnast Andøya Rakettskytefelt, Andøytorv og Pro Bio (tidlegare Nutra). Kommunen har dei tre siste åra leiga delar av bygningane til ungdomsskule. Ein del privatpersonar har også kjøpt bygg til fritidsaktivtet og hobby-bruk.

I februar 2011 var meir enn halvparten av alle bygningane i den tidlegare leiren selde.

- Vi har seld 20 av 29 bygg. I tillegg har vi utført enkelte rivearbeid på ein bilbensinanlegg og nokre skur, sier Belsom.

Belsom reknar med at ein stor den av dei resterande bygga vil være selde innan kort tid.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.