Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skoglund leir i Narvik

Frå militærleir til miljøvennleg salsobjekt

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Militærleir

Etter

Brukt som:
Miljøvennleg salsobjekt
Beregnet for:
Næringsverksemd
Skoglund leir i Bjerkvik i Narvik kommune i Nordland vart etablert under andre verdskrigen. Han låg på delvis leigd og eigd grunn.

 

Avfall vart dumpa i ravinedalar ned mot Prestjordelva i samband med etablering og opprydding etter krigen. Skoglund leir vart utrangert frå Forsvaret i 2001.

På Skoglund vart det gjennomført miljørydding i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing. Forlaget til tiltaksplan blei godkjent av Narvik kommune, og vi har rydda området til eit nivå som minst tilfredsstiller framtidig arealbruk. Miljøsaneringa av eigedommen starta opp i mai i 2008

Fire ureina område

Miljøtekniske grunnundersøkingar frå 2006 påviste ureining frå ulike tungmetall og organiske miljøgifter på Skoglund. Totalt vart det grave ut 5270 kvadratmeter masse frå fire lokalitetar på eigedommen. Det vart levert 60 tonn utsortert metall til gjenvinning, 2634 tonn med ureina massar til godkjent mottak og 1 tonn blanda avfall.

Fleire bygg som kunne vore til fare eller utgjere ein framtidig potensiell ureiningsfare, vart rivne. Gjerde med piggtråd, som kunne utgjere ein risiko for skade på menneske eller dyr, vart fjerna. Områda vart tilsådde, og resultata frå sluttkontrollane viste at nivåa av miljøgifter er sterkt reduserte. Det er påvist spor av PAH og PCB, men nivåa vil ikkje medføre helse- eller spreiingsfare.

Det har i 2009 og 2010 vore teke tilfredsstillande testar av brønnar og ein bekk på Skoglund i 2009 og 2010. Miljøryddinga kosta vel 5,8 millionar kroner.

Den eigde delen av eigedommen vart selde til Narvik kommune i 2008, den leigde delen vart levert attende til grunneigarar same året.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.