Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Hjerkinnhus på Dovre

Frå skyteadministrasjon til villreinsenter

Før

Brukt som:
Administrasjon av Hjerkinn skytefelt
Beregnet for:
Administrasjon, messe og forlegning

Etter

Brukt som:
Villreinsenter
Beregnet for:
Vern av vill europeisk fjellrein
Hjerkinn skytefelt på Dovre i Oppland har med sine 156 kvadratkilometer vore det største skytefeltet til Forsvaret i Sør-Noreg, heilt til Regionfelt Østlandet vart opna i 2005.

 

Hjerkinnhus er den tidlegare administrasjonsstaden for Hjerkinn skytefelt og omfattar i alt fem større og mindre bygningar med kringliggjande areal. Dei to største bygga er administrasjonsbygget og messe- og forlegningsbygget.

Historisk naturrestaureringsprosjekt

Hjerkinn skytefelt vart etablert i 1923 og har etter krigen vore brukt til skarpskyting for artilleriet, kavaleriet og Luftforsvaret i tillegg til avdelingar frå allierte nasjonar. Av anlegg som no er planlagt fjerna, er ei prøve- og forsøksslette for artilleriet og Luftforsvaret på 240 dekar, to store angrepsfelt for kavaleriet og fleire titals kilometer med veg. Områda, som ligg 1100–1200 meter over havet, skal restaurerast og leggjast til rette for revegetering.

I tillegg skal heile skytefeltet ryddast for ammunisjonsrestar og blindgjengarar. Området skal gå inn i det utvida vernet av Dovrefjell med status som nasjonalpark og landskapsvernområde. Dermed er det no duka for eit historisk naturrestaureringsprosjekt på Dovrefjell.

Hjerkinnhus

I november 2007 kjøpte Miljøverndepartementet Hjerkinnhus på Dovre i Oppland frå Forsvaret. Året etter vart Hjerkinnhus overdrege til Dovre kommune. Kommunen leiger ut administrasjonsbygget til Norsk Villreinsenter, og dei andre bygga, inklusive messe- og forlegningsbygget, er selde til privat hotelldrift og villmarksopplevingar.

Vern av vill europeisk fjellrein

Noreg forvaltar dei einaste attverande restane av den ville europeiske fjellreinen i 23 meir eller mindre åtskilde fjellområde i Sør-Noreg. Stiftinga Norsk Villreinsenter blei oppretta i september 2006 og har som mål å fremje vern og berekraftig forvaltning av villreinbestandane og villreinfjella i Noreg. Eit styre var raskt på plass og hadde det første møtet sitt allereie i desember same året. Den offisielle opninga vart gjord av dåverande miljøvernminister Helen Bjørnøy på Skinnarbu i januar 2007.

Norsk Villreinsenter Nord på Hjerkinn

Stiftinga Norsk Villreinsenter har to driftseiningar: Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu i Tinn kommune og Norsk Villreinsenter Nord på Hjerkinn i Dovre kommune. På Hjerkinn held senteret til i det tidlegare administrasjonsbygget til Forsvaret. Kvart av sentera har sin definerte villreinregion som geografisk ansvarsområde, høvesvis sør for og nord for Sognefjorden. 1. oktober 2007 var det nokon tilsett i alle dei åtte stillingane, og det konkrete arbeidet ved dei to sentera i Skinnarbu og på Hjerkinnhus kunne starte.

Foto: C 360

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.