Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Renheim på Dovre

Frå militær innkvartering i skytefelt til open turisthytt

Før

Brukt som:
Bustad for Forsvaret
Beregnet for:
Utvikling av Hjerkinn skyte- og øvingsfelt

Etter

Brukt som:
Open turisthytte
Beregnet for:
Innkvartering

Heilt sidan 1880-åra har det vore merkte vandreruter i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark ved foten av Snøhetta. Den første turisthytta i området blei bygd allereie i 1888.

 

Gamle Snøheim vart bygd i 1952, men allereie i 1959 blei hytta teken over av Forsvaret i samband med utviklinga av Hjerkinn skyte- og øvingsfelt. Skyte- og øvingsfeltet som blei etablert i 1920-åra, er på 165 kvadratkilometer og blei brukt som skyte- og øvingsfelt av norske og utanlandske hær- og luftavdelingar i tillegg til forsvarsindustrien.

Forsvaret har i svært avgrensa grad nytta Snøheim til forlegning i samband med øvingar på Hjerkinn. Lite har blitt endra, og i dag har derfor anlegget mange originale detaljar. Romnummera er for eksempel rosemåla for hand, og det er to tørkerom – eitt for kvinner og eitt for menn – slik at undertøyet til kvinnene kunne tørke i fred.

Gjenopning for fotturistane

Etter å ha høyrt til Forsvaret i 48 år er turisthytta Snøheim på Dovre returnert til den opphavlege eigaren, Den Norske Turistforening (DNT). Forsvaret er no i ferd med å avvikle aktivitetar, og Snøheim kan igjen bli tilgjengeleg for fotturistar som ønskjer å utforske Snøhetta og resten av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

Då Snøheim blei etablert i 1952, blei berre delar av det opphavlege vinnarutkastet bygde ut. Når DNT no planlegg å utvide, vil det skje i tråd med intensjonane i dei opphavlege planane. Utvidinga er teikna av Paul Henrik Biong, sonen til Henrik Biong som teikna Snøheim i 1946. I 2010 stod anlegget klart til å ta i mot nye gjester. Samtidig vart navnet på eigedommen bytta frå Snøheim til Renheim etter ei røysting på DNT sine nettsidar.

Noregs største naturvernprosjekt

Dovrefjell er det mest intakte høgfjellsøkosystemet i Nord-Europa med mellom anna den einaste attverande villreinstamma i Sør-Noreg. Stortinget vedtok dirfor i 1999 å leggje ned skytefeltet som ein del av ein omfattande plan for eit utvida vern av naturen på Dovrefjell. Det er estimert at det vil ta om lag 15 år å rydde heile området for skrap, ufarlege ammunisjonsrestar og udetonerte eksplosivar. Etter kvart som området blir rydda, vil bygg, vegar og ulike anlegg bli fjerna frå terrenget. Dette er eit historisk naturrestaureringsprosjekt i norsk samanheng – både i omfang og innhald.

 

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.