Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Holmenkollen leir

Frå kommandoanlegg for luftoperasjonar til barnehage og smørjebuer

Før

Brukt som:
Tysk kommandoanlegg
Beregnet for:
Hovudkvarter for det tyske luftforsvaret

Etter

Brukt som:
Barnehage
Beregnet for:
Barnehage

 

Leiren ligg like ved Holmenkollbakken. Nokre bygg ligg synleg over bakken, mens eit fjellanlegg i fire etasjar ligg skjult under bakken.

Under okkupasjonen rekvirerte den tyske okkupasjonsmakta store delar av holmenkollområdet. Holmenkollen leir var ein del i kjeda av tyske kommandoanlegg under okkupasjonen av Norden og var hovudkvarter for det tyske luftforsvaret.

Voksenkollen hospits vart teke i bruk til forlegningar og kontor, og det vart også bygget nye brakkar. Fjellhallen inneheldt sambandsrom, kartrom og forlegningsrom for offiserar og soldatar. Dei allierte brukte etter kvart hospitset som hovudkvarter, og etter krigen utvikla Flyvåpenet fjellhallen som luftoperasjonsrom vidare.

Historisk intakt

I etterkrigsdelen av fjellanlegget er ein god del av det autentiske interiøret bevart, mellom anna eit operasjonsrom som er i god stand. Delar av anlegget er derfor verna av Riksantikvaren.

VM i nordiske greiner

Oslo kommune, som overtok leiren i 2007, har fleire planar for området. Kultur- og idrettsetaten planlegg å bruke hovuddelen av Holmenkollen leir under Ski-VM i 2011. Kjøpet av militærleiren gjer det mogleg å utvide holmenkollområdet på ein naturleg måte. Leirområdet kan for eksempel brukast til lagring, parkering og nasjonsbuer.

Barnehage med utsikt

Kommunen planlegg òg barnehage innanfor portane til den gamle militærleiren. Barna i Holmenkollen barnehage vil få ei fantastisk utsikt over Oslo og Oslofjorden, og med Nordmarka som nærmaste nabo er det nærliggjande å førestelle seg mykje barnleg utfalding i naturen.Området som ikkje er utbygt som ligg innanfor markagrensa, vil bli eit friområde.

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.