Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Lahaugmoen leir

Frå over 250 år som militærleir til næringseventyr

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Ekserserplass

Etter

Brukt som:
Næringspark
Beregnet for:
Næringsverksemd
Lahaug gard vart skysstasjon og gjestgivarheim oomlag samtidig som Gamle Trondhjemsvei vart ferdig i 1779.

 

Med den strategiske plasseringa ved oldtidsvegen og Gamle Trondhjemsvei fekk det som opphavleg var Lahaug gard, militær verdi som ekserserplass allereie på 1700-talet. Ekserserplassen vart etablert med telthus. Slike telthus vart gjerne plasserte ved hovudvegar eller ved kongevegar.

Karl XII

Den siste av sju vardar som varsla Akerhus festning om Karl den XII sitt angrep i 1716, låg på Lahaug. På ei steinblokk ved vegen er følgjande tekst hogd inn: «Her stanset bønder og soldatar Karl XII under marsjen gjennom Skedsmo i 1716».

Hærens sanitet

Under andre verdskrigen heldt tyskarane til i leiren, og ved slutten av krigen var framleis 3000 tyske soldatar i leiren. Leiren fall derimot utan kamp. Hærens sanitet utdanna personell her fram til sommaren 2002 då Lahaugmoen militærleir vart nedlagd.

Næringspark og overnatting

Over 250 år med militær historie vart avslutta då splittflaget vart firt for siste gong. Leiren vart formelt levert til dei nye eigarane i 2005. Den nye eigaren, Anton B. Nilsen, fekk 288 dekar og totalt 30 000 kvadratmeter bygningsmasse med på kjøpet. Alle bygga er i dag leiga ut.

Eigedommen har mange leigetakarar, og mellom dei store er Skanska Norge AS, Forsvaret og Oslo brann- og redningsetat. Skanska aleine har 180 som bur her, og den totale kapasiteten er på 220 overnattande. Resterande bygg huser kontor, lager og verkstader. I tillegg til dette finst fasilitetar som er til felles bruk. Her er ein stor gymnastikkhall, smørje- og vaskehall, auditorium for 80–100 personar, undervisningsrom og grupperom i tillegg til store utvendige øvingsområde. Det er òg kantine og kafé i leiren.

Det ligg føre planar om å auke bygningsmassen til 139 000 kvadratmeter. Innan 2015 skal næringsparken gi rom for 2000–3000 arbeidsplassar og vere leiande på området miljø. Den totale miljøprofilen inneheld kriterium som:

Universell utforming – tilrettelegging for svaksynte og rørslehemma

Visuelt miljø – minst mogleg vedlikehaldskrevjande uteareal og materialval og fargeval som tek omsyn til miljøet

Avfall – rein og ryddig miljøstasjon på området

Foto: C 360

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.