Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Løren leir

Frå militærleir til ny urban bydel

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Storgard og ammunisjonsfabrikk

Etter

Brukt som:
Urban bydel
Beregnet for:
Bustader og byutvikling
Fram til året 1900 var Løren-området i Oslo først og fremst eit jordbruksområde. Løren gard var ein av storgardane i Østre Aker.

 

På Løren gard har ein halde dyr og dyrka korn, grønsaker og frukt sidan før reformasjonen. Frå år 1900 blei det meir fart på utviklinga av bustader og industri i området.

Ammunisjonsfabrikken Norma blei anlagd på Løren i 1912, og bedrifta hadde kontrakt med Forsvaret frå 1916. I 1941 blei fabrikken rekvirert av okkupasjonsmakta og deretter utvida. Etter krigen overtok Forsvaret ved Hærens våpentekniske korps tomta med verkstadlokale og utstyr.

Den siste militære brukaren av leiren var Hærens forsyningskommando som mot slutten av 1990-åra mellom anna drev laboratorium og tekstil- og næringsmiddelavdeling på Løren.

Nye verdiar blir realiserte

Etter at Forsvaret flytte ut, opna det seg eit område på 44 112 kvadratmeter (om lag seks fotballbanar) med eineståande moglegheiter for utvikling av eit nytt lokalsamfunn som ligg attraktivt til i hovudstaden. Den tidlegare militærleiren er no reinska for forbodskilt frå Forsvaret, og grøntområde, næringsaktivitet og bustader er under utvikling.

Nytt liv i verna bygg

Fasaden til tre av bygga i den gamle leiren er verna av Riksantikvaren. Desse bygga dannar berebjelken i eit lokalt servicetilbod med barnehage, butikkar, servering og kultur. Eitt av desse bygga er den gamle Kanonhallen. Her legg ein vekt på kunst, kultur og å oppleve noko i fellesskap, og det har allereie vore fleire arrangement her, mellom anna ein godt besøkt julemarknad, motevising og konsertar. I ein av dei andre freda bygningane er det etablert barnehage.

Verdifull kompetanse

I dette prosjektet har interessene til Forsvaret gått hand i hand med interessene til hovudstaden. Forsvaret treng ein slankare eigedomsportefølje og friske omstillingsmidlar, og Oslo treng nye område for utvikling av bustader og servicetilbod utanfor den sterkt pressa markagrensa. I tillegg har avhendinga av Løren leir tilført oss verdifull kompetanse som kjem til god nytte i andre prosjekt.

Foto: Selvaag

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.