Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nordstrandhøgda

Frå hovudkvarter for etterretningstenesta til sjukeheim og barnehage

Før

Brukt som:
Hovudkvarter
Beregnet for:
Forsvarets etterretningsteneste

Etter

Brukt som:
Sjukeheim og barnehage
Beregnet for:
Sjukeheim og barnehage

 

Forsvarets overkommando vart etablert av den norske eksilregjeringa i London i februar 1942. I dag er det gamle hovudkvarteret til etterretningstjenesta sjukehim og barnehage.

Forsvarets etterretningsteneste var den gongen ein del av Forsvarets overkommando som omfatta både etterretnings- og tryggingstenesta.

Oppgåva til etterretningstenesta var å hente inn informasjon om forholda i det okkuperte Noreg, mens tryggingstenesta heldt kontroll over alle dei som aktivt ville vere med i motstandskampen ute og heime. Etter krigen flytte organisasjonen heim til Noreg der arbeidet heldt fram. Heile tida heldt Forsvarets etterretningsteneste ein svært låg profil. I dei lukka miljøa i dei hemmelege tenestene var dette vanleg. Ulike hendingar dreiv frå tid til anna etterretningstenesta fram i lyset, men tenesta var omgitt av togn og mystikk.

Diskret på Nordstrandhøgda

Eigedommen på Nordstrandhøgda var hovudkvarter for Forsvarets etterretningsteneste fram til 1998. Eigedommen på omlag 12 dekar hadde fleire kontorbygg og vart delt i to parsellar, Midtåsen 30 og Rosendalsveien 33.

Ny og moderne sjukeheim

Midtåsen 30 vart selde til Bjørndalen Eiendom AS i 2001. Dei reiv det gamle kontorbygget, og opp av oska steig ein ny sjukeheim. Sjukeheimen blei leigd ut til Oslo kommune. Nye og moderne Midtåsenhjemmet blei teke i bruk i januar 2005. Sjukeheimen har plass til 96 bebuarar, og alle romma er einerom med bad.

Frå kontor til 162 nye barnehageplassar

Rosendalsveien 33 blei seld til Haldor Sandland i 2002. Han selde eigedommen vidare til Omsorgsbygg. No er det gamle kontorbygget ein av dei flottaste barnehagane i byen med plass til inntil 162 barn. Barnehagen vart offisielt opna av Fabian Stang 3. februar 2009.

Foto: Richard Johansen og Nina Reistad

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.