Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kallera stillingar

Frå ekstyske stillingar til friluftsliv og rekreasjon

Før

Brukt som:
Tyske stillingar
Beregnet for:
Samanhengande tysk forsvarslinje langs Noregs kyst

Etter

Brukt som:
Turområde
Beregnet for:
Rekreasjonsaktivitetar som fiske, bading og turgåing

 

Kallera er eit område som består av ein bergkoll på Kråkerøy utanfor Fredrikstad, Østfold, som stikk ut i Østerselva midt imot Øra.

Det var okkupasjonsmakta som under andre verdskrigen bygde forsvarsanlegget, som del av eit stort tal tyskbygde kystanlegg i Oslofjorden. Det gjekk inn i ei samanhengande tysk forsvarslinje. På Kallera vart det bygt kanonstillingar og bunkerar med skyttargraver for å verne innseglinga til Fredrikstad.

Lagt ned

Etter krigen vart anlegget nytta av Forsvaret fram til det vart lagt ned i 1960-åra, og det har ikkje vore i bruk etter det. Delar av konstruksjonane vart etter kvart svært forfalne.

Turgåing, fiske og bading utan fare

Arbeidet med å rydde og sikre Forsvaret sitt område ytst i Kalleraveien vart sluttført i juni 2008, i samband med at Fredrikstad kommune kjøpte eigedommen. Formålet med oppryddinga var å fjerne restar etter mange år med forsvarsaktivitet, slik at området kunne takast i bruk til friluftsliv og rekreasjonsaktivitetar – fiske, bading og turgåing utan fare for verken to- eller firbeinte turgåarar.

Rydda og sikra

Arbeidet omfatta riving av tre bunkerar i betong. Terrenget vart etter rivinga planert, deretter vart det lagt på jord, og områda vart sådde til. Nokre eldre skytestillingar vart òg rivne og planterte. Diverse fjellboltar vart kutta, og det vart rydda opp i piggtråd og anna avfall. Ryddinga på Kallera kosta omlag 350 000 kroner.

Foto: Forsvarsbygg

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.