Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Katrineborg i Fredrikstad

Frå kjøpmann- og offisersbustad til privatbustad med historie og stor hage

Før

Brukt som:
Kjøpmann- og offisersbustad
Beregnet for:
Bustad for Forsvaret

Etter

Brukt som:
Privatbustad
Beregnet for:
Bustad
Eigedommen Katrineborg i Gamlebyen i Fredrikstad, Østfold, høyrde til staten som «bymarkene».

 

På 1800-talet pakta kommunen bort eigedommen fram til det blei mogleg å selje han i 1836, og kjøpmann og vertshushaldar i Gamlebyen Johan Christian Fleischer (1811–97) kjøpte eigedommen. Fleischer blei rekna for å vere ein velståande mann etter målestokken på den tida. Han gav eigedommen namnet Katrineborg etter svigermora Cathrine Margaretha Ohlson, og i om lag år 1840 sette han opp bygningen i empirestil slik vi framleis kan sjå bygget på tomta. Eit lite lysthus som låg på det høgaste punktet på kollen, høyrde òg til eigedommen.

Offisersbustad og HV-hus

Truleg overtok Forsvaret bustaden i 1920-åra, og han blei då brukt som mellom anna offisersbustad. I seinare tid er det Heimevernet som har nytta huset. Ei åtte mål stor tomt høyrer til bustaden.

Flytte frå Ski til Fredrikstad

I 2006 budde Remi Ragnar Bergstrøm og Toril Gjelsvik på Siggerud i Ski kommune i Akershus. Dei hadde hytte ved Fredrikstad, likte seg godt i byen og hadde svært lyst til å bli Fredrikstad-innbyggjarar på heiltid. Då dei såg annonsen «Gammelt småbruk med potensial – Katrineborg gård, sentralt i Fredrikstad, til salgs», slo dei til.

– Vi kjøpte huset og åtte mål tomt, som ligg fint til på ei lita høgde, i slutten av 2006. Då vi overtok i 2007, brukte vi nesten heile året på å totalrenovere huset før vi flytte inn i oktober same året. Med unntak av skjelettet var alt rive, fortel paret Bergstrøm/Gjelsvik.

Stor hage med mange moglegheiter

– Vi trivst svært godt her på Katrineborg. I samband med renoveringa har vi dessutan bygd på huset og laga terrasse. No er det snart tid for å kaste eit blikk på den store hagen som omgir huset. Førebels har vi teke ned ein del tre. Vi har òg lagt merke til at det finst ei rekkje gamle hageplanter rundt omkring, så vi får sjå om vi kan bruke dei om att eller flytte dei når vi skal begynne å lage til uteområdet til våren, fortel Remi Ragnar Bergstrøm og Toril Gjelsvik.

Foto: Forsvarsbygg

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.