Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kjøkøy fort i Fredrikstad

Frå kystfort til friluftsliv

Før

Brukt som:
Tysk kystfort
Beregnet for:
Tysk forsvarslinje langs Oslofjorden

Etter

Brukt som:
Friluftseigedom
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel
Kjøkøy fort ligg ved kysten utanfor Fredrikstad i Østfold, med utsikt mot Østerelven og fjorden.

 

Terrenget består av eit knauset landskap med kløfter, svaberg og naturlege fjellformasjonar. Før 1939 var området knytta til eit steinhoggeri. I 1919 planla Forsvarsdepartementet å byggje eit batteri her som ytre ledd i Kristianiafjord kystfestningsverk.

Del av samanhengande tysk forsvarslinje

Det var okkupasjonsmakta som under andre verdskrigen bygde Kjøkøy fort som del av fleire tyskbygga kystanlegg i Oslofjorden. Det gjekk inn i ei samanhengande tysk forsvarslinje. I 1945 tok heimestyrkane over fortet, og Kjøkøy vart så overført til Kystartilleriet. Aktivitetsnivået var relativt lågt fram til 1950-åra, etter det vart anlegget modernisert og nytta heilt fram til 1991.

Friluftsområde

I 1992–1993 vart det gjort vedtak om å leggje ned ei rekkje fort og batteri med ekstysk materiell, og Kjøkøy fort var eit av fleire fort som vart lagt ned i denne prosessen. Fredrikstad kommune og Østfold fylkeskommune tok initiativ til å ta vare på delar av anlegget musealt på eit museum. No er friluftsområdet kring det tidlegare fortet sikra og rydda og er tilgjengeleg for alminneleg ferdsel. Planen er at det skal overtakast av Direktoratet for naturforvaltning.

Overført Direktoratet for naturforvaltning

I 2009 vart det 870 dekar store friluftsområdet overført til Direktoratet for naturforvaltning (DN). Den gamle HV-leiren på Kjøkøy vart seld til Fredrikstad kommune til skoleverksemd.

Miljøopprydding i tre fasar

I samband med salet av friluftsområdet vart det gjennomført ei omfattande opprydding for å sikre og gjere friluftseigedommen tilgjengeleg for publikum. På Kjøkøy vart miljøryddinga gjennomført i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing. Forslaget til tiltaksplan vart godkjent av kommunen, og vi har miljørydda området til eit nivå som tilfredsstiller framtidig arealbruk.

Lese tidlegare historie i landskapet

Sikringa på Kjøkøy er gjennomført slik at den tidlegare verksemda skal kunne lesast i landskapet. På den måten blir historie ført vidare. Slik eigedommen stod, utgjorde han ein fare ved alminneleg ferdsel. Derfor vart bunkerar mura igjen og sikra. Gjerde, piggtråd, søppel og anna skrot vart fjerna.

 

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.