Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Offisersporten i Fredrikstad

Frå befalsforlegning til hotell

Før

Brukt som:
Befalsforlegning
Beregnet for:
Bustad for soldatar

Etter

Brukt som:
Hotell
Beregnet for:
Hotell
Fredrikstad vart grunnlagd i 1567 etter at svenske troppar brende ned Sarpsborg lenger inne i det søre løpet av Glomma.

 

Fredrikstad byfestning, eller Gamlebyen, er eit halvt stjerneforma anlegg som ligg vakkert til ved austsida av Glomma, nær elvemunningen mot ytre del av Oslofjorden.

Dei første åra var byen ein open, uforskansa landsby, men frå 1644 blei det bygt enkle vollar og palisadar. I 1663 starta arbeidet med dei omfattande festningsanlegga som framleis omgir byen.

Gamlebyen har vore ein levande garnisonsby i alle år der militære og sivile har levd side om side. I 1980-åra blei Fredrikstad vald som utdanningssenter for Hærens luftvernavdelingar. Samtidig vart brakkesletta mellom Gamlebyen og Kongsten fort bygd ut, mellom anna med ein ny befalsforlegning i 1983 og befalsmesse i 1987–1988. Desse bygga dannar Offisersporten.

Festninga vart nedlagd i 1903, men Gamlebyen heldt fram som garnisonsstad fram til 2002. Då marsjerte dei siste soldatane ut.

Overnatting for deg og meg

I 2006 vart Offisersporten lagd ut for sal som eit potensielt hotell. Hotellideen vart lufta for første gong då prosjektet «Aktivitetsbyen Gamle Fredrikstad» vart lagt fram i 2004. Dette er eit prosjekt med ein stor visjon: «Utvikle og sikre den langsiktige eksistensen av et førsteklasses miljø for idrettsturisme og idrettsmiljø som hevder seg nasjonalt og internasjonalt». Eigedommen vart seinare same år seld til Ryen AS Eiendom.

Offisersporten hotell ligg like utanfor innkøyrselen til Gamlebyen i Fredrikstad og overfor Kongstenhallen. Bygningane som tidlegare var forlegning og befalsmesse for Forsvaret i Gamlebyen, blir no drive som eit enkelt og triveleg Bed & Breakfast-hotell med 30 rom – alle med dusj og wc.

Foto: Nelly reklamebyrå

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.