Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ravneberget i Sarpsborg

Fra fort til kvinnefengsel

Før

Brukt som:
Fort
Beregnet for:
Soldater

Etter

Brukt som:
Fengsel
Beregnet for:
Fengsel
Etter nærare hundre år som anlegg for både norske og tyske soldatar, er det nå fengslande kvinner som har teke over gamle Ravneberg fort utanfor Sarpsborg.

 

Ravneberg fort vart bygga i 1910 som ein følgje av ei avtale mellom Norge og Sverige etter Karlstadforliket. Saman med Greåker Fort og Sarpsborg Vestre og Østre batteri utgjorde Ravneberg den såkalla Glommalinjen, eit forsvarsverk som skulle hindre svenskane i å komme seg inn i landet over Glomma.

HV-base

Fortet vart under andre verdskrig teke over av tyskerane, men vart etter krigens slutt nok ein gong ein del av det norske Forsvaret. Dei siste som nytta den 191 000 kvadratmeter store tomta før kvinnene tok over, var Heimevernet HV-01.

Demilitarisering

På 1990 – tallet byrja ein storstilt avvikling av militære anlegg i Østfold og i 2006 vart Ravneberget med sine 30 bygningar seld for 13,5 millionar kroner til Sarpsborg kommune. På same tid hadde Justisdepartementet vedteke å opprette minst 100 nye fengselsplassar og det vart bestemt at kommunen skulle leie ut heile fortet til departementet.

Fengsel for kvinner

Med både murar og vakttårn, undervisningsbygg og lagerlokaler, var Ravneberget eit godt utgangspunkt for eit fengsel og 29.juni 2006 flytta dei fyrste kvinnene inn på berget. Fengslet kan i dag ta i mot 40 fangar og er eit fengsel med såkalla ”lavere sikkerhetsnivå”. Fangane sonar stort sett i verkstaden, i vaskeriet, på kjøkkenet eller i undervisningsbygget der dei får opplæring fra lærarar knytta til ei vidaregåande skule i nærleiken.

Foto: Leif Anker

Gårdsnr.:1
Bruksnr.:3413

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.