Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Møldal i Stavanger

Frå slitne forsvarshus til luksus og familieidyll

Før

Brukt som:
Bustad for Forsvaret
Beregnet for:
Bustad for Forsvaret

Etter

Brukt som:
Bustader og eigedomstvikling
Beregnet for:
Toppleilegheit med utsikt og luksus
Dei gamle husa frå tidleg på 1950-talet som vart nytta i tilknytning til Madlaleiren er i dag reve. I dag er eigedomen blitt til ein attraktiv bydel med leilegheiter for alt frå småbarnsfamilier og unge par til pensjonistar og luksusdyr.

 

- I dag kan du kjøpe ein toppleilegheit med utsikt over heile området og få medlemsskap i golfklubben og eige vinkjellar med på kjøpet, seier prosjektleiar Trond Norby i Forsvarsbygg som selde eigedomen til utbyggjaren etter at Forsvaret ikkje lenger hadde nytte av den.

Forsvarsbygg selde den 26 dekar store tomta i hjartet av Stavanger kommune i 2012. Da var det 26 bueinheter, hvorav 10 einebustader og 16 leilegheiter i rekkehus.

- Leilegheitane vart byggja på 50-talet og bar preg av at det er ei stund sidan, seier Nordby.

Tomta vart selde for 101 millionar kroner, noko som var 41 millionar over takst.

-Tomta er berre ein 15 minuttar kjøyretur frå Stavanger sentrum og er ein perfekt stad for bustadsutvikling, seier Nordby.

Luksus og lek

I dag er tomta utvikla slik at det er 136 leilegheiter totalt.

-Her kan ein få alt frå mindre leilegheiter for nyetablerte par og pensjonistart til toppleilegheiter og luksus for dei som vil ha det aller beste, seier Nordby.

Dei dyraste og flottaste leilegheitene ligg i prisklasse på opp til 12 millionar kroner.

-Da får du også vinkjellar og medlemskap i golfklubben med på kjøpet, seier Nordby.

Han avslutter med å seie at han tykjer utbyggeren har klart å få til ei god arealløysing av tomta.

-Dette gjer eit godt tilbud til befolkninga i Stavanger, seier han.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.