Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Neset kjøkkenbrakke

Frå tysk kjøkkenbrakke til klubblokale med særpreg

Før

Brukt som:
Del av Neset fort
Beregnet for:
Tysk forsvarslinje langs Oslofjorden

Etter

Brukt som:
Verna lokale med særpreg
Beregnet for:
Klubbaktivitetar

 

I 1943 etablerte okkupasjonsmakta fortifikasjonar og kanonbatteri på Neset på nordsida av vågen utanfor Skudeneshavn, som ein del av Artillerigruppe Karmøy-Sør. Batteriet var ein del av det sterke tyske forsvarsverket kring innseglinga til Stavanger, Boknafjorden og Karmsundet.

I 1945 overtok Forsvaret anlegget. Den eine tårnkanonen vart seinare demontert og flytta til Fredriksten festning i Halden. I 2003 vart Neset fort lagt ned og overført til Forsvarsbygg, og med det starta arbeidet med å finne ein ny sivil bruk av eigedommen.

Verna kjøkken

Kjøkkenbrakka til fortet er bevart frå andre verdskrigen. Bygget peikte seg ut frå resten av eigedommen som spesielt antikvarisk interessant på grunn av at det var så godt teke vare på. Bygningen vart difor verna med tanke på både eksteriør og interiør med laust og fast inventar og utstyr.

Hærens sanitet

Under den andre verdskrigen held tyskarane til i leiren, og ved slutten av krigen var det framleis 3000 tyske soldatar i leiren. Leiren fall likevel utan kamp. Hærens sanitet utdanna personell her fram til sommaren 2002 då Lahaugmoen vart lagt ned som militærleir.

Ny aktivitet i freda kjøkkenbrakke

Den freda kjøkkenbrakka vart i 2008 selde og overlevert til klubben Round Table 81 Skudneshavn. Den særeigne eigedommen har med det komme i hendene på ein ny eigar som alt har planane klare for etterbruken. Eigedommen vil bli nytta til ulike klubbaktivitetar.

Samarbeider med Riksantikvaren

Kjøkkenbrakka frå andre verdskrigen er byyga med eit matrom for offiserar og eit for mannskap i kvar ende med kjøkken mellom. Brakka er teken vare på med originalt utstyr som komfyr, kjøkkenreiskapar og serveringsutstyr i tillegg til benker og bord i matromma.

Den nye eigaren har vist forståing for det ansvaret som følgjer med å ta over eit freda bygg, og har innleidd eit samarbeid med Riksantikvaren om oppussing av bygningen.

 

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.