Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Agdenes fyr i Sør-Trøndelag

Frå fyrstasjon til ferie- og kurslokale på Agdenes

Før

Brukt som:
Fyrstasjon
Beregnet for:
Fyrstasjon

Etter

Brukt som:
Ferie- og kurslokale
Beregnet for:
Turistar og besøkande



Etter at det første fyrlyset vart tent i Noreg i 1665, vart det til saman etablert over 200 bemanna fyrstasjonar. Agdenes fyrstasjon i Agdenes kommune i Sør-Trøndelag er den eldste fyrstasjonen i Trondheimsområdet

I eit brev til admiralitetet i 1802 foreslo overkommandør C.F. Tønder at det skulle bli oppretta lys på Agdenes til rettleiing for sjøfarande. Agdenes fyr vart tent i 1804 då admiralitetet fann fyret nødvendig og nyttig. 200 informasjonsbrosjyrar vart sende ut på dansk og tysk.

Automatisering og avfolking

Den første planen om automatiske fyrstasjonar kom i 1975, og alle installasjonar som gav lys eller elektroniske signal, vart etter kvart automatiserte. Agdenes fyr var bemanna til 1984. Fyrstasjonen blei då lagd ned og erstatta med ei frittståande fyrlykt. Ho vart plassert på Ringflua like nedanfor den gamle fyrstasjonen.

Ny sivil bruk

I 2004 kjøpte Klæbu Sparebank Agdenes flystasjon. Med hjelp frå anerkjende ekspertar på restaurering av verna område vart staden pussa opp i 2005–2006. Eigedommen er på omlag 20 dekar og har åtte store og små bygningar. Agdenes fyr vart leiga ut som ferie- og kurslokale, og leigetakarane får høve til å oppleve både ei naturperle og ei historisk perle berre 1,5 timars køyring frå Trondheim.

Stor interesse

Ansvarleg for den daglege drifta, Ingrid Ysland, fortel om stor interesse og jamt med gjester heile året. – Staden har vist seg å vere midt i blinken for å leige ut, fortel ho. Fyret har lokale representantar som tek seg av booking, reinhald, matlaging og servering. Agdenes fyr har åtte doble soverom og eit møterom med plass til inntil 24 personar.

 

Foto: Arld Juul og Ulf Amundstad

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.