Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Enarsvola på Røros

Fra radarstajon til fjellkyrkje

Før

Brukt som:
Radarstasjon
Beregnet for:
Radaranlegget for trøndelagsområdet

Etter

Brukt som:
Fjellkyrkje
Beregnet for:
Turistar
Enarsvola er ein fjelltopp på 885 moh omlag 5 km nordaust for Røros. Radarstasjonen på Enarsvola – ein kamuflert bygning med roterande parabolantenne – vart sett i drift i 1953.

 

Stasjonen vart bygd som ein del av radaranlegget for trøndelagsområdet og var lagd under Gråkallen. Stasjonen hadde eitt bygg med messe, forlegning, kontor og radarutstyr.

Varslingsstasjon

Stasjonen var ein rein varslingsstasjon der det jobba mellom to og fire radaroperatørar og tre til fire radarteknikarar, ein sambandsmann, ein kombinert administrasjons-/forsyningsmann og ein meinig kokk. Seinare gjekk radarstasjonen over til ein rein fixerstasjon. Målet med fixersystemet var å peile retninga til ein radiosendar (flyradio), og ved å samle informasjon frå fleire stasjonar kunne ein avgjere posisjonen til kjelda.

Gudshus og turistmål

Røros Fjellkirke vart ein realitet etter at ei ny stifting, «Fjellkirka på Røros», kjøpte radarstasjonen Forsvaret hadde på Enarsvola.

Kyrkjerommet har plass til rundt 30 personar. I tillegg til kyrkjerommet finst det her uteplass på ein romsleg veranda, eit moderne kjøken, stor salong og seks soverom med til saman 22 sengeplassar. Kyrkja er eit populært mål for turistar både om vinteren og om sommaren.

 

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.