Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nypan leir i Heimdal

Frå militærleir til bustadområde

Før

Brukt som:
Tysk militærleir
Beregnet for:
Militær opplæring av tyske soldatar

Etter

Brukt som:
Bustader og eigedomstvikling
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel og bustad
På Klett, eit av distrikta i bydelen Heimdal i Trondheim kommune, bygga tyskarane den store militærleiren Nypan leir i 1940. Store delar av jordbruksareala på Klett vart øydelagd av tyskarane under bygginga.

 

Nypan leir vart fram til 1945 nytta til praktisk militær opplæring av tyske soldatar.

Militærauksjonar

Etter den tyske kapitulasjonen i 1945 tok Forsvaret over anlegget. Leiren vart i perioden 1945–1985 utvida og renovert til militære og industrielle formål. Leiren vart nytta til lager og militærauksjonar, der Forsvaret auksjonerte bort gammalt militært utstyr. Den siste auksjonen vart halde våren 2003.

Regulert og selt

Vi tok over leiren i 2003 og starta arbeidet med å regulere den 37 mål store leiren til bustadformål. I 2005 vart Nypan leir selt til entreprenørselskapet Søbstad AS, som starta rivearbeid hausten 2006. Sommaren 2008 stod 32 nye bustader på Nypesletta klare til innflytting. Bustadene er på mellom 76 og 137 kvadratmeter og ligg sentralt til i Trondheim kommune. – Planen er å byggje 80 bustader, fortel Steinar Søbstad ved Søbstad AS. Neste byggjetrinn har planlagd oppstart i løpet av våren 2009.

Unik miljørydding

Sommaren 2008 starta arbeidet med å fjerne 3500 tonn olje- og tjøreureina massar frå bakken på Nypansletta. I staden for å frakte vekk den ureina jorda vart massane reingjorde på staden ved hjelp av ein ny biologisk behandlingsmetode. Dei ureina massane vart behandla med ei væske som inneheldt ei blanding av utvalde mikroorganismar, mineralpartiklar og næringsstoff. Blandinga var spesialtilpassa dei ureina jordmassane ved Nypansletta. Dette var det første miljøprosjektet i sitt slag i Noreg, og analyseresultata etter 12 veker med behandling var opplyftande. Hausten 2008 var jordmassane så reine at dei kunne brukast på leikeareal for barn.

 

Foto: Matti Bernitz og Eiendomsmegler1

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.