Persaunet leir
Frå tysk ubåtleir til ny bydel i Trondheim
Før
Etter
Trondheim hadde ei nøkkelrolle innanfor den tyske militærstrategien. Saman med ubåtstasjonen i Laksevåg ved Bergen skulle stasjonen i Trondheim støtte ubåtoperasjonar i Nord-Atlanteren.
Opphavleg høyrde området på omlag 20 dekar til Strinda kommune, og det var lite utbygt. Som høgstatusleir var ikkje Persaunet ein ordinær forlegningsleir. Dei arkitektoniske kvalitetane innan- og utandørs viser at leiren, som var laga i U-form, var laga for å vere permanent.
Verneverdig
I dag er leiren den best bevarte av sitt slag i Europa. Leiren var omfattande, sjølv om han ikkje rakk å bli fullført. Det var 41 bygningar på området, og av dei er om lag halvparten verna. Det vart reist mellom anna 27 forlegningsbygg, messebygg, administrasjonsbygg, sjukestove, garasjar, to symjebasseng og hageanlegg.
Etter krigen
Få dagar etter kapitulasjonen i 1945 tok den norske marinen over anlegget. Sidan då har leiren vore nytta for ulike militære formål, og etter kvart har òg kommunal verksemd blitt lagd til leiren.
Regulert og selt
Persauneområdet har sidan Strinda sjukehus vart bygga i 1926, vore prega av store offentlege institusjonar. I over 80 år har området vore lukka for folk flest, sjølv om inntil 400 personar frå Forsvaret og kommunen har jobba der.
I 2003 avgjorde grunneigarane Forsvaret og Trondheim kommune at dei ikkje lenger ynskte å disponere området. Ein reguleringsplan som omfatta Persaunet sykehjem og Strinda sjukehus vart utarbeidd og godkjend. Det var starten på ein ny bydel som inneheld både gamle verneverdige hus og nye bygg. Persaunet vart delt opp i sju delar som vart selde i perioden frå 2005 til 2007.
Ny bydel
I dag har Persaunet om lag 600 bueiningar, tre barnehagar, bydelsrestauranten Tregården, næringsverksemd og opne felles- og grøntområde. Med utgangspunkt i ein verneverdig militærleir er det på Persaunet skapt eit nytt og mangslunge bustad- og næringsområde.
Foto: Forsvarsbygg