Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Steinvik lager

Stjørdal: Fra lukka lager til freistande friluftsområde

Før

Brukt som:
Hemmeleg ammunisjonslager
Beregnet for:
Forsyningsbase for Dora i Trondheim

Etter

Brukt som:
Friluftsområde
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel
Søndag 2.juni ble Håmmårsbukta friluftsområde i Stjørdal kommune i Sør-Trøndelag offisielt opna. Over 1,2 kilometer strandlinje som tidlegare har vore lukka og avstengd, er nå tilgjengeleg for alle som ynskjer å ta seg ein tur i det vakre naturområdet.

 

Håmmårsbukta var fram til 2000 eit hemmeleg ammunisjonslager kalla Steinvik lager. Lageret var forsyningsbase for Dora i Trondheim. 500 sivile arbeidarar vart tvinga til å byggje dei 27 bunkerar som utgjorde lageret og mykje ammunisjon vart lagra på staden.

Frå Langstein til Steinvik lager vart det også byggja ei smalspora jernbane og det vart laga eit ubåtnett som gjekk tvers over fjorden.

Det norske forsvaret overtok eigedomen i 1948. Ein periode var det arbeidsplass for 15-17 mann og eit lite lokomotiv trafikkerte jernbanen. Steinvik lager vart lagt ned i 2000. I 2009 vart område selde til Direktoratet for Naturforvaltning.

Vi har den siste tida rydda og sikra området slik at det er trygt for alle og ferdas på den lange strandlinja. Fleire millionar er også nytta til veger og stiar og toalett. Kulturminna frå den gamle jernbanen er tatt vare på. Området er allereie tatt i bruk av fleire lokallag og foreiningar.

Det er også planlagd ei gjestebrygge for dei som ynskjer å ta seg dit med båt.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.