Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Langesund tankanlegg

Frå diesel og tungolje til maritim fritid, bustader og næring

Før

Brukt som:
Oppbevaring av marin diesel og tungolje
Beregnet for:
Fartøya til Forsvaret

Etter

Brukt som:
Næringsverksemd
Beregnet for:
Bustader, næring og maritime kultur- og fritidsaktivitetar
Langesund tankanlegg i Bamble kommune i Telemark var eit fjellanlegg frå 1950-åra. Det vart fram til 1978 drifta for Forsvaret av selskapet Gulf. Frå 1978 og fram til nedlegginga i 2007 vart det drifta av Norske Shell.

 

Anlegget bestod av eit fjellanlegg med seks tankar i fjell for oppbevaring av marin diesel og tungolje til fartøya til Forsvaret. I tilknyting til tankanlegget i fjellet var det ein lagerhall for oppbevaring av diverse oljeprodukt. På det same området har det òg vore eit sivilt tankanlegg med fire tankar, ein lagerhall i plast og ein bilfyllerack. Dette var eiga av Norsk Shell.

Det har vore to kjende lekkasjar frå anlegget, ein i 1970-åra og ein i 1999.

Miljøprosjekt i tre fasar

Miljøprosjektet på Langesund tankanlegg vart gjennomført i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing. Forslaget til tiltaksplan vart godkjent av Bamble kommune. Vi har rydda området til eit nivå som tilfredsstiller framtidig arealbruk. Det vart vedteke å miljøsanere både den militære og den sivile delen av anlegget.

Omfattande jobb

Den omfattande rive- og miljøsaneringsjobben vart gjennomført i 2007 og 2008 og kostaomlag 4,5 millionar kroner. Undervegs vart det avdekt behov for ytterlegare fjerning av grunnureining. Innvendige fjellanlegg, tankane og utvendige område er sanerte, og tekniske installasjonar og bygg er rivne. Ureina masse er fjerna, sortert og levert til godkjende deponi eller omdisponert på eigedommen.

Vi rydda for AS Norske Shell

I tillegg til behovet for miljøsanering etter verksemda til Forsvaret, var det behov for miljøtiltak knytta til avviklinga av AS Norske Shell sin del av eigedommen. Vi stilte vår kompetanse til rådvelde for AS Norske Shell når det gjaldt prosjektering og leiing av miljøtiltak på den delen av eigedommen der Shell hadde vore leigetakar.

..til maritim fritid, boliger og næring

Tomta på omlag 10 dekar med eigen kai vart seld i 2009. Ny reguleringsplan opnar for både bustader, næring og maritime kultur- og fritidsaktivitetar.

 

Foto: Forsvarsbygg/c360/Inviso

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.