Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vallermyrene

Frå transittleir for tyske hestar til eitt av Noregs største rideanlegg.

Før

Brukt som:
Tysk mottaks- og transittleir for hestar
Beregnet for:
Tysk mottaks- og transittleir for hestar

Etter

Brukt som:
Rideanlegg
Beregnet for:
Ridehall, overnatting, utleige av fest- og konferansesal
Vallermyrene ved Porsgrunn vart etablert av den tyske okkupasjonsmakta og nytta som mottaks- og transittleir for hestar frå Tyskland.

 

 Hestehaldet var omfattande på grunn av det store transportbehovet, ikkje minst fordi artilleriet i stor grad framleis var trekt av hestar.

Leiren, som hadde plass til opp mot 600 hestar, ligg i eit landbruksområde med gardar. Området vart rekvirert i august 1940, og bygginga starta i 1941. I første byggjesteget vart stallar og forlegningsbrakker sete opp. Seinare vart det mellom anna byggja ridehall og kjøkken med matsal. I leirområdet var det òg bunkerar, opne område til ridevolte og tjoringsbommar.

Etter krigen tok Telemark infanteriregiment området i bruk, og dei første Tysklandsbrigadane heldt mellom anna til her. Etter kvart har leiren òg vore nytta av Heimevernet. I dag nyttar Forsvaret berre éi brakke til sesjon.

Omfattande vern

Leiren utgjer eit samla og heilskapleg ekstysk bygningsmiljø med verneverdi både ut frå bygningstypane som finst i leiren, og den opphavlege funksjonen dei hadde. Leiren har difor fått eit omfattande vern.

Eitt av Noregs beste rideanlegg

I 2004 kjøpte Porsgrunn kommune Vallermyrene leir, og i 2005 vart ringen slutta – leiren var igjen teken i bruk for å huse hestar. Stiftelsen Vallermyrene Rideanlegg opna då rideskule i den gamle militærleiren. Stiftinga består av Grenland Rideklubb, Porsgrunn Produkter AS og Porsgrunn kommune. Formålet er å leggje spesielt til rette for barn og unge innanfor ryttarsport. Det er òg prioritert å skaffe oppgåver for tilsette ved Porsgrunn Produkter AS på rideanlegget.

Den største innandørs ridebanen i landet

Med 84 dekar er dette eitt av dei største rideanlegga i Noreg. Det ligg i vakre omgivnader ved innkøyrselen til Porsgrunn med store grøntareal og ein praktfull lindeallé opp til anlegget. Av opphavleg 23 hus er no 13 att, og alle er verna. Den eksisterande ridehallen frå 1941 er teken i bruk, og her finst mellom anna grasbane, dressurbane, grusbane, stall, utstyrsbutikk og fôrutsal. Den største innandørs ridebanen i landet stod ferdig i september 2007. På Vallermyrene er det òg mogleg å overnatte til vandrarheimstandard. Det er plass til 50 personar og fest- og konferansesal til 150 personar. Delar av anlegget blir ofte leiga ut til andre lag og foreiningar.

Heile ryttarmiljøet samla

På Vallermyrene Rideanlegg trivst ulike delar av ryttarmiljøet, frå sprang- og dressurriding til «mounted games» («stafett» til hest), fjordhestmiljøet og dei som driv med ponniriding. Planen framover er å utvide anlegget ytterlegare.

 

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.