Bustader for Forsvaret
Harstad: Frå forsvarsbystader og kontor til tannhelsesenter
Før
Etter
Etter ein politisk prosess sanksjonerte kong Oscar II i 1897 lova som førte til at innbyggjarane i dei tre nordlegaste fylka ikkje lenger var fritekne frå militær verne- og tenesteplikt.Landsdelen vart difor avhengig av større tilgang på personell for å makte dei militære oppgåvene.
Organisasjonsformer har sidan den gongen oppstått og forsvunne, og avdelingar har vore etablerte og nedlagde. Forsvaret fekk i denne perioden ein solid posisjon i den nordnorske befolkninga, både gjennom rekruttering av vernepliktige og i forvaltningsoppgåver.
Frå bustad til kontor
For å få personell til stillingar nordpå var det nødvendig å tilby sentrale bustader til arbeidssøkjarar. Ein av desse, ein firemannsbustad i 6. Divisjonsgate 10 i Harstad, vart bygd i 1957. Bustaden vart nytta av tilsette i Forsvarets bygningsteneste.
I 2002 blei Forsvarets bygningsteneste (FBT) omorganisert til Forsvarsbygg.
På grunn av aukande personell og plassmangel vart bygget i 6. Divisjonsgate omskapt til kontorbygg og nytta av FBT og Forsvarsbygg fram til 2005.
Tannpleie for alle
I 2007 vart eigedommen lagd ut for sal, og interessa for bygget viste seg å vere stor. May-Elin Balk Thommasen og Eva-Britta Thode Hansen kom tidleg på banen, og etter ein spennande bodrunde trekte dei det lengste strået hausten 2007.
Nøgde eigarar
Tannlegane opna Harstad tannhelsesenter i nyoppussa og moderne lokale i januar 2008. Bedrifta har fem tilsette, og i tillegg leiger dei ut andre høgda til ein tannteknikar. – Bygget hadde ein formålstenleg storleik på kontora og ei sentral plassering. Vi er godt nøgde med at vi til slutt fekk tilslaget, seier dei to eigarane.
Foto: Frank Andreaasen C 360