Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Dalhaug tankanlegg

Frå tankanlegg til miljøvennleg salsobjekt

Før

Brukt som:
Tankanlegg
Beregnet for:
Brigaden i Nord-Noreg

Etter

Brukt som:
Miljøopprydding
Beregnet for:
Framtidig arealbruk
Dalhaug tankanlegg i Bardu vart etablert i 1957 og var i drift fram til det vart nedlagt i 2002. Tankanlegget vart nytta av Brigaden i Nord-Noreg. Anlegget bestod av to tankar på 500 kubikkmeter, pumpehus, påfyllingsplattform og oljeutskiljar.

 

På Dalhaug vart det gjennomført miljørydding i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing.

Forslaget til tiltaksplan vart godkjent av ureiningsstyresmakta SFT, og vi har rydda området til eit nivå som tilfredsstiller framtidig arealbruk.

Omfattande miljørydding

Miljøtekniske grunnundersøkingar gjennomført i 2006 avdekte at grunnen var ureina av olje. Oppryddinga vart meir omfattande enn først anteke. Under utgravinga vart det klart at tankane var sterkt angripne av korrosjon, med til dels store lekkasjar. Ureininga låg både under sjølve tankane og røyrgata og i massane rundt tankanlegget. Store delar av ureininga var ikkje mogleg å avdekkje utan å fjerne tankane på førehand.

Etter kvart som gravinga tok til, viste det seg at lekkasjar frå tankane gjennom ei årrekkje har ført ulike oljesambindingar ut i jorda under tankanlegget. Det vart grave opp og fjerna 8000 tonn ureina jord for å tilfredsstille kravet til reinleik. Massane vart sikra på staden og frakta til godkjende mottak. Den ureina massen vart erstatta med rein masse, og våren 2008 vart det sådd gras. Tankanlegg med infrastrukturar vart fjerna, og 91 tonn metall vart levert til gjenvinning.

Tiltaka på Dalhaug vart avslutta i 2008 og kosta 8,5 millionar kroner. Sluttkontrollar konkluderte med at det ikkje er nokon helsefare for brukarar av området. Området er avhenda av oss.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.