Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Gymsalen - BSIN

Harstad: Frå gamel gymsal til kunst og kultur

Før

Brukt som:
Skolehus og gymsal
Beregnet for:
Utdanning

Etter

Brukt som:
Atelier og galleri
Beregnet for:
Arbeidsplass for lokale og tilreisande kunstnarar
BSIN blei viktig for Nord-Noreg og Harstad då han blei etablert i 1899. Den store søkjarmassen var ungdom frå småbruk og fiskarheimar som kunne få seg ei utdanning utover folkeskolen.

 

Allereie i 1903 blei det avgjort at skolen skulle få nye lokale. Nytt skolehus og ny gymsal vart bygga, og i 1904 var det klart til innflytting.

Storstova i byen

Gymsalen vart festsal for heile byen. Dei årlege interne skoleballa var ei storhending i Harstad, og det var ei stor ære for dei unge damene i byen å bli inviterte. I tillegg vart det arrangert turnball og garnisonsball. Då andre verdskrigen braut ut, vart skulen stengd for undervisning, og dei festlege arrangementa tok slutt.

Etter krigen

I 1951 starta BSIN opp med undervisninga igjen, og gymsalen vart på ny teken i bruk. Det var òg fleire lag og foreiningar i Harstad som fekk bruke gymsalen til ulike formål. Harstad Turnforening og Raude krossen var flittige brukarar. Etter at befalsskolen flytta inn i nye lokale i 1987, var ikkje aktiviteten i gymsalen like stor.

Kreative leigetakarar har flytta inn

Planen var å gjere bygget om til ein stad for folk med kreative, skapande yrke relaterte til kunst og kultur. I dag er A:rt Gymsal fylt med kreative menneske som arbeider innanfor mange sjangrar.

Starten

«Ei fantastisk oppleving!» Slik beskreiv fotografen Trym Ivar Bergsmo førsteinntrykket av den gamle gymnastikksalen til BSIN. Saman med biletkunstnaren Roanne O’Donnell var han ute etter nye arbeidslokale. Dei kjende begge til gymnastikksalen som har prega bybiletet i Harstad i 100 år, og visste at han var til sals, men var usikre på om dei skulle overta ein verna bygning. Etter vår omvising var avgjerda teken.

Vegen vidare

For å kunne realisere planane fekk dei arkitekt Jim Myrstad med på laget, og saman har dei laga ein funksjonell arbeidsplass som inneheld atelier og arbeidslokale, gjesteatelier for tilreisande kunstnarar og eit galleri.

 

Foto: Roy Urvik

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.