Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Holmen leir

Indre Troms: Frå militærcamp til filmcamp

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Forsvaret

Etter

Brukt som:
Filmsett
Beregnet for:
Spelefilm og TV-produksjon
Thomas Thomasen kom som første busetjar frå Finland til Øverbygd i Indre Troms i 1790. Han etablerte Skilletgård som Storholmen var ein del av. Gjestene som kom til bygda, budde på Skilletgård, då verten var kjend for både gjestfridommen sin og smedhandverket sitt.

 

Garden var eigd av familien fram til 1920, då konsul Harald Berg frå Tromsø kjøpte han. Han etablerte seg med ein sommarresidens på Bruhaugen og starta utbygginga til ein storgard på Storholmen. Draumen om storgard vart aldri realisert, men fleire av tømmerbygga som vart ført opp, står framleis att.

Under andre verdskrigen etablerte tyskarane seg i ein forlegning på Storholmen og laga ei flystripe der.

I 50-åra selde Odd Berg, son av Harald Berg, garden til Forsvaret. I 1955 stod leiren ferdig på Storholmen og blei tilhaldsstad for Ingeniørkompaniet og seinare Ingeniørbataljonen. Leiren var sedd på som ein av dei betre å komme til.

Som ledd i kraftsamlinga av Hæren blei Ingeniørbataljonen på Skjold flytt saman med 2. bataljon inne i Maukstadmoen leir. Holmen leir vart dermed frigjord, og kreative krefter såg moglegheita.

Hollywood på Skjold

Det var mange som riste på hovudet då dei to entusiastane Svein Andersen og Kjetil Jensberg tok til orde for å etablere ei regional ressurs- og infrastrukturbedrift i Indre Troms. Ideen var å treffe marknaden for spelefilm og TV-produksjon – både nasjonalt og internasjonalt. Dei har god erfaring frå bransjen og fekk dermed gehør hos aktuelle aktørar for denne ideen.

Ein militærleir dekkjer mange av dei same behova som eit filmsett har til ein lokasjon: ein stor hall som studio, lagerplass, overnatting og bordsetjing for opp mot 500 personar på ein gong og enkel transport til og frå Bardufoss lufthavn. Når FilmCamp samtidig er omgitt av ein allsidig natur for alle årstider like utanfor døra, var det kort veg til å etablere «Skjoldywood».

FilmCamp vart etablert, og dei produserer no filmar i den nedlagde leiren.

Suksessfilmen om Kautokeino-opprøret av regissør Nils Gaup er den første store produksjonen som blei gjennomført i den tidlegare militærleiren.

Målselv kommune, som eig selskapet FilmCamp, tok formelt over Holmen leir frå oss.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.