Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Jektholtet

Harstad: Frå slitne kaldlager til funkisbustader

Før

Brukt som:
Kystbatteri
Beregnet for:
Militær aktivitet

Etter

Brukt som:
Bustader og eigedomstvikling
Beregnet for:
Bustader og byutvikling
Jektholtet er ein eigedom på over 48 000 kvadratmeter med form som eit nes ytst i Kilbotn. Eigedommen har cirka 400 meter strandlinje og ligg cirka 6 kilometer frå Harstad sentrum.

 

Det har vore militær aktivitet på Jektholtet sidan 1911. Under krigen bygga okkupasjonsstyrkane fleire bunkerar og kanonstillingar for kystbatteri ned mot strandkanten. Dei laga òg ein fangeleir på eigedommen.

Sierra Batteriet

I 1957 vart det etablert eit Sierra Batteri, ei underavdeling til Bergartilleribataljon nr. 3 (seinare Kystartilleriet) på Jektholtet. Batteriet hadde 127 militære, cirka 80 hestar, veterinær og ein del sivilt personell. Det vart bygga familiebustader og forlegningar. I midten av 70-åra vart avdelinga lagd ned.

Den siste militære brukaren av Jektholtet var Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) ved Forsyningslager Nord-Noreg. Då Forsvaret utrangerte eigedommen, bestod han av fleire større og mindre lagerbygg (kaldlager), garasjar og verkstad og ein oppsynsmannsbustad.

Stort bustadfelt

Jektholtet AS vart etablert hausten 2003 i samband med kjøpet av den tidlegare forsvarseigedommen. Dei gode solforholda på tomta, den flotte utsikta mot Vågsfjorden og nærleiken til strandlinja og havet gjorde eigedommen spennande. I tillegg til Forsvaret sin eigedom har selskapet skaffa seg fleire tilknytta eigedommar. Totalt er det planlagt 74 bueiningar på Jektholtet, fordelte på frittliggjande einebustader, kjeda einebustader, vertikaldelte tomannsbustader og leilegheiter. 50 av desse bustadene er planlagde på tidlegare militær grunn.

Friområde og småbåthamn

Nærleiken til sjøen vil bli nytta ved at det blir laga eit friområde mellom busetnaden og strandlinja med stigar, slik at området òg blir tilgjengeleg for barnevogntrillarar og rullestolbrukarar. I tillegg er småbåthamn med plass til omlag 70 båtar under planlegging. I samband med småbåthamna er det regulert inn tomt til buer og reiskapshus og tomt til eit fleirbrukshus.

 

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.