Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Maisavarre

Bardu: Frå overvaking til turområde

Før

Brukt som:
Radarstasjon
Beregnet for:
Kontroll- og varslingssystem for Luftforsvaret

Etter

Brukt som:
Friluftsområde
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel
Maisavarre ligg mellom Altevatn og grensa mot Sverige. Radarstasjonen ligg i Bardu kommune i Indre Troms. Maisavarre stasjon vart bygga ved hjelp av infrastrukturmidlar frå NATO og var operativ frå 1972.

 

Radarstasjonen inngjekk i kontroll- og varslingssystemet til Luftforsvaret sin stasjon i Sørreisa. Maisavarre vart lagd ned som operativ stasjon i 1998 og erstatta av radarstasjonar med meir avansert teknologi. I 2003 overtok vi Maisavarre.

Spektakulær riving

Det vart, etter ønske frå grunneigar, vedteke å rive stasjonen i 2006. Hausten 2008 starta den utfordrande jobben med å rive radarstasjonen. Rivinga og ryddinga vart gjorde under til dels ekstreme vêrforhold på over 1000 meters høgd.

Rundt 350 kubikk betong vart skjult i naturlege fordjupingar på toppen. Den resterande massen vart transportert ut med snøskuter eller helikopter. Det einaste synlege sporet etter radaren er ein låg ringmur av naturstein som har tent som fundament for helikopterlandingsplassen. Denne skal takast vare på som eit minne om den verksemda som var der på fjelltoppen.

Ryddinga av Maisavarre var avslutta 2009 og kosta 5 millionar kroner. Området er levert attende til grunneigar og blir i dag nytta som friluftsområde.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.