Olavsvern
Ramfjordnes: Frå marinebase til ny næring
Før
Etter
Den tidlegare marinebasen, som ligg ved Ramfjordnes 20 km frå Tromsø, vekte stor interesse hjå både norske og utanlandske aktørar då han vart lagt ut til sals. Den uvanlege eigedomen vart seld i 2013 til Olavsvern Group AS for 38,1 mill. kroner.
Grunneigedomen er om lag 1 000 000 m2. Areal bygg er om lag 40 000 m2 (inkl. fjellanlegg m/tørrdokk).
Olavsvern er eitt av dei største og mest utfordrande salsprosjekta i Forsvarsbygg si historie.
– Etter vurdering og taksering vart eigedomen, i tråd med avhendingsinstruksen, først lagd ut til sals for statlege og kommunale aktørar. Så vart han lagd ut for sal i den opne marknaden, fortel vår prosjektleiar Frode Karlsen.
Sjø og land
Avhending av marinebasen kravde alt frå miljøopprydjing og rydjing til omfattande salsleiing. Før han kunne leggjast ut til sals, vart miljøskadeleg avfall fjerna både frå sjø og frå land.
– Heile 6000 kvadratmeter sjøbotn vart støvsuga og reinsa. Vi fjerna også ureina masse frå ein pistolbane. Denne vart fjerna og frakta til godkjent mottak, fortel Frode Karlsen.