Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vågen skytebane

Frå skyte- og øvingsbane til beitemark

Før

Brukt som:
Skyte- og øvingsbane
Beregnet for:
Skytetrening

Etter

Brukt som:
Beitemark
Beregnet for:
Beitemark
Vågen skytebane i Ervik Harstad kommune vart etablert tidleg i 1950-åra. Vågen skytebane omfatta to skytebanar.

 

Tomta er på 6 000 kvadratmeter. Banane vart nytta av norske og internasjonale styrkar knytta til eit alliert treningssenter på Åsegarden. I tillegg vart skytebanen nytta av eit lokalt skyttarlag. Banane har ikkje vore nytta sidan starten av år 200

Området vart i 2007 overført til oss for opprydding.På Vågen vart det gjennomført miljørydding i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing. Forslaget til tiltaksplan vart godkjent av Harstad kommune, og vi har rydda området til eit nivå som tilfredsstiller framtidig nytte av areal.

Miljøsanering

På Vågen er det gjennomført tiltak på seks ureina område. Ureininga er valda av skyteaktivitet. Tomta bestod av utmark og var delvis dekka med skog. I tillegg stod skytestillingar og skiveinnretningar attende i terrenget.

Miljøtekniske undersøkingar påviste tungmetallverdiar, spesielt for bly, over SFT-norma. Sidan oppstarten av miljøryddinga i september 2008 er det totalt vore fjerna 3223 tonn ureina masse frå skytebanen. Knust betong er nytta på nytt lokalt på tomta.

Miljødelen av prosjektet var ferdig i desember 2008. Resultata frå sluttkontrollen viste at området er rydda slik at det tilfredsstiller kravet til reinleik sett av SFT. Det er fylt på med reine massar på alle lokalitetane.

Sluttarrondering og nyoppsetjing av gjerde vart ferdige våren 2009. Området er levert attende til grunneigarane som skal bruke det til beitemark.

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.