Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bunkerlandstad på Lista

Frå mosegrodd ruin mellom beitande kyr til moderne landstad i betong.

Før

Brukt som:
Hovudbunker (eldleiarsentralen)
Beregnet for:
Lista flyplass

Etter

Brukt som:
Moderne landstad
Beregnet for:
Bustad

 

I 1940 bygde okkupasjonsmakta flyplass på Lista. «Batteri Dyngvoll» vart så utvikla som ein del av luftforsvaret av stasjonen. Hovudbunkersen til batteriet, eldleiarsentralen, er ein kjempekoloss som er sett saman av omlag 1000 m3 armert betong. Forsvaret tok over Lista flystasjon etter krigen og utvikla han vidare, mens mange av konstruksjonane i landskapet rundt vart liggjande unytta etter frigjeringa i 1945.

Fredfullt landskap

Arkitektane Randi Grimeland og Nils E. Røsvik var på utkikk etter ein fritidsbustad. Etter besøk hos venner på Lista to somrar på rad fatta dei interesse då Forsvaret skulle selje eigedom i området i 1999. – Vi fann ein mosegrodd ruin av ein bunker i eit fredfullt landskap med beitande kyr, omgitt av skog, hei og hav. Dette var hovudbunkeren, eller eldleiarsentralen, som han òg blir kalla, fortel Røsvik.

Vidarefører den robuste stilen

– Vi har ikkje prøvd å «pynte» betongstrukturen, derimot har vi ynskt å halde på dei eksisterande flatene og heller trekt dei med inn i dei nye delane av bygget, seier Røsvik. Dei innvendige overflatene er måla gips, lakkert betong eller eksisterande betongoverflater. Den robuste stilen er òg vidareført i eksteriøret med nytte av mellom anna ubehandla weatherboards, sementfiberplater og vindauge og dører i aluminium. Terrassen framfor kjøkkenet og oppe framfor soveromma er laga av lokalt saga lerk og galvanisert gjerdenetting.

Midt i matfatet

– Hit kjem vi så ofte vi kan og trivst uendeleg godt her, med dyr og natur tett på oss. Lista er eit stort matfat, og vi forsyner oss frå både hav, hei og skog. Eit sommarkjøkken på nesten 100 kvadratmeter gir gode høve for matlaging til mange gjester. Den delen av kjøkkenet som ligg innandørs har ein fem meter lang stålbenk der berre det som blir brukt dagleg, får plass. Vi har fått ein landstad som er annleis, og som har god plass til gjester og sosiale lag, fortel Røsvik.

 

Foto: Ivan Brodey, Roy Urvik 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.