Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Gimlemoen

Frå militærcampus til studentcampus

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Militær skoleverksemd

Etter

Brukt som:
Universitetsbygning
Beregnet for:
Utdanning ved Universitetet i Agder

Frå militærcampus til studentcampus

Christanssandske Infanterie Brigade inngjekk i 1863 ein avtale med stamhusbesidder Adolph Arenfeldt på Gimle gard om leige av 500–600 mål. Dette var opptakta til Gimlemoen militærleir og ekserserplass på Lund i Kristiansand.

I 1894 blei ei offisersmesse flytta frå den tidlegare ekserserplassen på Grimsmoen og sett opp att på Gimlemoen. 1200 mann var på øving det same året. Bygningsmassen vart fram til 1984 utvida med mellom anna ei befalsmesse, to befalsbrakker, to magasinbygningar, undervisningsbygg med aula, elevforlegning, kantine og fritidsmesse. Leiren var fram til 1995 tilhaldsstad for diverse militær skoleverksemd.

Campus Gimlemoen

Historia til det som i dag er Universitetet i Agder, tok til i 1994 då dei nærmare 100 statlege høgskulane i landet fusjonerte til 26. Ein av dei nye høgskolane som da vart etablert, var Høgskulen i Agder, som var sett saman av seks tidlegare høgskolar. To av dei låg i Aust-Agder, mens fire låg i Kristiansand. I dag er dei som kjent ein del av Universitetet i Agder.

Samlokalisering

Dei fire høgskulane i Kristiansand låg spreidde i kommunen, og sterke krefter både frå høgskulen og i regionen ynskte ei samlokalisering. Tre moglegheiter vart vurdert, og ei av dei var Gimlemoen leir der den militære aktiviteten hadde slutta i 1995. Framlegget om Gimlemoen som høgskulesenter vart godkjent av regjeringa 1. juni 1995.

Indre leir, 400 mål og bygningsmasse, vart selde til Statsbygg mot slutten av 1990-åra. I desember 1998 vart så det første spadetaket teke på Gimlemoen.

Universitetet i Agder

23. august 2001 blei Campus Gimlemoen teken i bruk for fullt. Då starta studieåret, og nær 5000 studentar og litt over 500 tilsette ved Høgskulen i Agder tok i bruk bygningane. Høgskulen i Agder vart etablert som universitet 1. september 2007, og i dag held 6000 av dei 8000 studentane på universitetet til på Gimlemoen.

 

Foto: Scanpix

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.