Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Marka

Frå historisk område til friluftsområde med rikt naturmiljø

Før

Brukt som:
Skyte- og øvingsfelt
Beregnet for:
Forsvaret

Etter

Brukt som:
Rekreasjonsområde og turistattraksjon
Beregnet for:
Privatpersoner

I 2016 leverte vi frå oss tidlegare Marka skyte- og øvingsfelt i Farsund kommune, eit område på cirka 1100 dekar med unik natur og historie.

til det sivile samfunn. Store delar av det vene området er verna med heimel i naturvernlova på grunn av planter og vegetasjon. Fuglevika fuglefredningsområde ligg òg innanfor området.
Det tidlegare skyta- og øvingsfeltet inneheld ei rekkje viktige kulturminne, frå bronsealderen og fram til andre verdskrig. Inne på området finn ein seks kanonstillingar med blant anna tilhøyrande løpegraver og ammunisjons- og mannskapbunkerar, til saman cirka 100 objekt. Tyskarane kalla dette området for «Festung Lista», eit av stadane der dei frykta ein alliert invasjon av det okkuperte Europa. Etter krigen tok Forsvaret over det 1100 dekar store området, og det har vore i eiget til forsvarssektoren heilt fram til i dag.

Historiske installasjonar fram i lyset

Det historiske området med rikt naturmiljø er no eit attraktivt rekreasjonsområde og turistattraksjon, etter at vi har sikra og miljøsanert området. Vi har rydda og sikra gjengrodde bunkerser. Enkelte av bunkersane er av tryggleiksmessige omsyn støypt igjen, andre er i ein så god tilstand at vi i samarbeid med vernemyndighetene har teke vare på dei for ettertida. 

Høyteknologi i vakkert område

Marka SØF bestod av flybombefelt, handgranatbane, panservernsbane, to spregningsfelt og to skytebaner, som det norske Forsvaret har nytta i ei årrekkje. Vi har no fjerna alt av eksplosiv, ammunisjonsrestar og anna avfall frå tida då det norske Forsvaret øvde her. I dette arbeidet har vi brukt både militær manngard og fjernstyrde anleggsmaskiner. Dette har vi god røynsle med frå lignande prosjekt, mellom dei tilbakeføringsprosjektet på Hjerkinn i Dovre og ryddingen av Gimlemoen skyte- og øvingsfelt utanfor Kristiansand. Det vil likevel vera restriksjonar knytt til delar av området fordi ein aldri kan garantera at det ikkje kan liggja igjen noko. Delar av området kan difor berre verta til nytta beita, ikkje til dyrka mark.

Tilbakeført til opphavelege eigarar

Samstundes med ryddinga og miljøsaneringa jobba vi med å fordela eigedomsparsellane til den gamle eigedomsstrukturen før Forsvaret tok over området på 50-talet, med gjenkjøpsrett for grunneigarane. Eigedomar som hadde vore i eiget til familiar i generasjonar er no tilbakeførd til dei opphavlege eigarane sine i samsvar med tinglyste rettar.

Ny kartlegging i 2017
Under miljøsaneringen av skytebanene vart det påvist forureining i eit område på cirka 200 kvadratmeter utanfor tidlegare godkjent tiltakområde. I samråd med Fylkesmannen i Vest-Agder vart denne forureininga liggjande. Årsaka er at det forureina området sannsynlegvis går inn i landskapsvernområdet, og det er behov for ytterlegare kartlegging i 2017 før eventuelt tiltak kan gjennomførast.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.