Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Marvika i Kristiansand

Frå strategisk militær rolle til miljøopprydding på land og i sjø

Før

Brukt som:
Marinebase
Beregnet for:
Verne mot angrep frå sjøen

Etter

Brukt som:
Miljøopprydding på land og i sjø
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel
Marinebasen i Marvika ved Kristiansand, Vest-Agder, vart etablert i 1898 og kom til på eit tidspunkt då Sverige dominerte fiendebiletet.

 

Kristiansand, med den framstikkande plasseringa mot Skagerrak, har lange tradisjonar og historisk verdi som marineby. Festningsverka i Kristiansand var i 1880-åra ved eit vegskilje.

Anlegga var blitt så gamle at dei var heilt utan stridsverdi, og ein måtte velje om dei skulle avviklast eller oppdaterast. Fleire kommisjonar som var nedsette i siste halvdelen av tiåret, kom til at kyststrekninga aust for Lindesnes hadde stor strategisk verdi, og at det var nødvendig med ei hamn med festningsverk i Kristiansands-området.

Djup og brei fjord

Valet av Marvika framfor andre moglege hamner i området vart gjort fordi fjorden her var lett å verne, og fordi den var djup og brei nok til at mange fartøy kunne søkje tilflukt der. I 1899 stod «Marvikens oplagshavn» ferdig. Verftet vart døypt om til «Marviken marinedepot» i 1901. Av dei opphavlege bygningane er det berre varegodslageret og eit båtskur att.

I 1939 vart Kristiansand sjøforsvarsavsnitt sett opp med strandkvarter i Marvika, og i 1998 vart Sørlandets sjøforsvarsdistrikt flytta hit frå Odderøya. I 1997 vart Topdalsfjorden utanfor marinebasen teken i bruk til ubåttesting. Marvika marinebase og Forsvarets del av Torsvika vart etter kvart lagde ned og selde til Kristiansand kommune i 2005.

Omfattande miljøopprydding

Etter 100 år med forsvarsverksemd ved Marvika marinebase vart det i 2000 konstatert ureining i grunnen og i sjøen utanfor. Rydding av ureininga i grunnen vart avslutta i mai 2005, og ei omfattande rensking av havbunnen vart avslutta i 2010.

Miljøopprydding på land

Det har vore fleire anlegg for landsetjing og vedlikehald av fartøy på marinebasen. Bygningar har husa verkstaddrift knytt til fartøy, utstyr, våpen og køyretøy. Framigjennom åra fann ureining vegen frå desse verksemdene ned i bakken og i steinfyllinga som delar av basen låg på. Arbeidet med å rydde grunnen starta i 2004, og heile 5000 kubikkmeter ureina jordmasse vart graven opp og levert til godkjent mottak. Heile oppryddinga kosta om lag 6 millionar kroner.

Miljøopprydding i sjø

Sjøbotnen i Marvika var betydeleg ureina etter 100 års forsvarsverksemd ved Marvika marinebase. Rydding av den tidlegare marinebasen er eitt av dei mest omfattande og kostnadskrevjande miljøprosjekta så langt i vår regi. Totalt vart 70 000 kvadratmeter sjøbotn rydda i Marvika og Torsvika i 2008–2009. Metoden som blir nytta, er mudring med oppsuging av overflatesediment på havbotnen frå land og ut i sjø ned til cirka 30 meter djup. Prosjektet er teknisk svært komplisert og krev tett samarbeid mellomForsvarsbygg og dei eksterne samarbeidspartnarane. Kostnadsramma for prosjektet er vel 23 millionar kroner.

Foto: SeaBed AS 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.