Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Batteri på Karljohansvern

Frå villniss til innbydande kulturminne

Før

Brukt som:
Kanonbatteri
Beregnet for:
Verne marinebasen mot angrep frå sjøen

Etter

Brukt som:
Kulturminne og friluftsområde
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel
Halvøya Karljohansvern i Horten i Vestfold ligg idyllisk til ved Oslofjorden. Her voks Sjøforsvarets hovudbase, opphavleg Horten verft, fram på 1800-talet, i takt med utviklinga av Horten by.

 

I 1855 fekk Marinens hovudbase namnet Carl-Johans-Værn.

Vern av marinebasen

For å verne marinebasen mot angrep frå sjøen vart det mellom 1870 og 1876 bygt tre kanonbatteri – ei samling av fleire kanonar på høvesvis Møringa, Tivoli og Hortenstangen. Men då marinen førebudde seg for krig mot Sverige sommaren 1905, var dei tre kanonbatteria forelda og i realiteten ubrukelege.

Erstatta med opplagshamn i Melsomvik

Årsaka til at batteria ikkje var blitt fornya, var at den våpenteknologiske utviklinga i 1880- og 1890-åra, særleg utviklinga innanfor fartøyartilleri, hadde gjort det vanskeleg å forsvare basen. For å skaffe flåten ein sikrare operasjonsbasis i krig vart det frå 1897 bygt eit sjømilitært støttepunkt i Melsomvik, ei opplagshamn i Tønsbergfjorden, forsvart av moderne kystfestningsverk i form av kanonbatteri og minesperringar. Under krigen tok tyskarane i bruk batteria på Karljohansvern, men etter krigen vart batteria overlatne til naturen. Dei tre historiske batteria vart fullstendig tilgrodde i eit villniss.

Rydding og sikring

Vi har i samband med avhendinga rydda og sikra batteria. Dei var dekte av skog og planter og var fullstendig tilgrodde. Skogen rundt batteria vart fjerna, og funksjonen til batteria kan igjen synfarast i heilskap.

Biologiske og historiske interesser er tekne vare på

På Karljohansvern er store område freda etter kulturminnevernlova og etter naturvernlova. Arbeidet var godt planlagt på førehand for å ta vare på dei biologiske og historiske interessene. Vi har køyrt bort tonnevis med søppel, fjerna store mengder vegetasjon, utbetra skadar, vaska vekk graffiti og sikra batteria med rekkverk og gitter framfor opningane. I dag er batteria innbydande kulturminne. – Vi har gjort dette for å sikre byggverka og for å betre tilkomsten til anlegga for store og små, seier vår prosjektleiar Trond Nordby. Ryddinga og sikringa av batteria har kosta om lag 3 millionar kroner.

Framtida

Batteria vil også i framtida bli forvalta av Forsvarsbygg, mens resten av eigedommane er planlagde å bli overførte til Direktoratet for naturforvaltning som framtidig friluftsområde.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.