Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bogen tankanlegg

Frå drivstoffmottaktil friluftsområde

Før

Brukt som:
Hovudmottak for drivstoff
Beregnet for:
Sandefjord Lufthavn Torp

Etter

Brukt som:
Friluftsområde
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel
Tankanlegget på Bogen i Stokke kommune i Vestfold fungerte som hovudmottak for drivstoff til Sandefjord Lufthavn Torp. Anlegget vart bygga i 1956 og har vore i drift fram til nedlegginga.

 

I juni 2006 vart den militære delen av Sandefjord Lufthavn Torp selde til Sandefjord og Stokke kommunar. Desse selde eigedommen vidare til Sandefjord Lufthavn AS.

I samband med at den militære delen av flyplassen vart lagt ned, vart Bogen tankanlegg overflødig. Anlegget bestod av to store ståltankar innmura i fjell, eit pumpehus og ein kai for lossing av olje. Det gjekk røyrleidningar med drivstoff frå Bogen og opp til lufthamna, og området var avstengt.

Miljøprosjekt i tre fasar

På Bogen tankanlegg vart miljøprosjektet gjennomført i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing. Forslaget til tiltaksplan vart godkjent av kommunen, og vi har rydda området til eit nivå som minst tilfredsstiller framtidig arealbruk. Området er i dag nytta til friluftsliv.

Del av kyststiprosjekt

Bogen tankanlegg vart selt til Stokke kommune, der det skulle nyttast som friluftsområde. Det er del av eit kyststiprosjekt i regi av kommunen. Kaien er mellom anna planlagd nytta som kaiplass for den historiske lokalbåten «Kysten». Men først måtte Skifte Eiendom gjere klar eigedommen og leggje til rette for sivil bruk.

Miljørydding

Både tankane og pumpehuset vart rivne, Skifte Eiendom har gjennomført alle nødvendige miljøtiltak i samarbeid med Stokke kommune. Den oljeureina massen inne i ringmurane vart teken hand om og levert til godkjent deponi, og gjerda er rivne. Prosjektet kosta vel 2 millionar kroner.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.