Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Møringa på Karljohansvern

Fra lukka militærområde til frilufts- og rekreasjonsområde

Før

Brukt som:
Marinens hovudbase
Beregnet for:
Senter for produksjon og utvikling av ammunisjon, miner og torpedoar

Etter

Brukt som:
Kulturarena og friluftsområde
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel
Halvøya Karljohansvern i Horten i Vestfold ligg idyllisk til ved Oslofjorden. Her vart Sjøforsvarets hovudbase, opphavleg Horten verft, etablert på 1800-talet. Etableringa fann sted i takt med utviklinga av Horten by.

 

I 1855 fekk Marinens hovudbase namnet Carl-Johans-Vær.

I åra etter unionsoppløysinga og under første verdskrigen vart Karljohansvern eit senter for produksjon og utvikling av ammunisjon, miner og torpedoar. Flyfabrikken på Møringa haldt og til på staden.

Ny fase

Ved overgangen til det 21. hundreåret gjekk Karljohansvern inn i ein ny fase. Sivil bruk og aktivitet er i ferd med å setje eit stadig større preg på det tidlegare militæretablissementet. Det vart i 2006 avgjort at det inngjerda området «Møringa», nord for den gamle flyfabrikken, skulle opnast for fri ferdsle. Det 30 000 kvadratmeter store området har lang strandlinje og frodige skogområde.

Miljøsamarbeid

Før området kunne opnast for alle, måtte det sanerast og ryddast. På området låg det mellom anna ei 100 år gammal søppelfylling, ein militær femkampbane, ein skytebane for handvåpen og fleire gamle bygg. Det vart gjennomført miljøkartlegging i fleire omgangar og utarbeida to tiltaksplanar, ein for søppelfyllinga og ein for resten av området. Tiltaksplanen for søppelfyllinga vart godkjent av ureiningsstyresmakta SFT, og tiltaksplanen for resten av området vart godkjend av Horten kommune. Vi var ansvarleg for tiltak på søppelfyllinga, og  rydda og sikra resten av området.

Sanering av søppelfylling

Den gamle søppelfyllinga vart dekka med eit 0,5 meter tjukt lag med rein masse over fyllmassen. Deretter vart området planert og tilsådd. Det vart utarbeida ein omfattande risikoanalyse før tildekkinga skjedde der ulike alternativ vart vurdert. SFT godkjende løysinga med å dekkje til fyllinga. Den valde løysinga kosta omlag 4 millionar kroner.

Rydding og sikring av området

Den militære femkampbana er fjerna, ein gammal garasje er riven, og fleire lass med søppel vart køyrde bort. Standplassen på skytebanen er fjerna, og området er tømt for bly. Delar av vegetasjonen er fjerna, og løypestigane er utvida og gruslagde. I tillegg vart gjerdet rive. Totalt var det nytta om lag en million kroner på å rydde og sikre området.

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.