Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Østre Bolærne, Nøtterøy

Frå lukka forsvarsområde til levande museum

Før

Brukt som:
Kystfort
Beregnet for:
Lukka forsvarsområde

Etter

Brukt som:
Museum
Beregnet for:
Turistar og besøkande
Den tidlegare forsvarstomta på Østre Bolærne kan nå besøkast av interesserte turistar som ynskjer å sjå og få vite meir om Forsvaret si aktivitet på øygruppa utanfor Tønsberg.

 

Tønsberg Forsvarsforening skal nå arrangere guidede turer til forsvaranlegga på øya. Det er også planlagt å åpne fjellanlegget som ligg under ein av kanonane på øya. I tillegg skal det settast saman ei utstilling som fortel om øyas militære historie.

Forsvarsbygg har rydda og sikra eigedomen etter at Forsvaret avslutta sin aktivitet og øya vart selde til Vestfold fylkeskommune og Nøtterøy kommune.

Eit levande museum

Riksantikvaren har freda ein kanon og fjellanlegget som skytingen vart leda frå..

Lederen for Østre Bolærne prosjektet i Tønsberg Forsvarsforening, Morten Horntvedt, seier til Tønsberg Blad at det har vore mange nysgjerrige folk og spurt om forsvarets aktivitetar på øya. Nå vil dei lage eit museum med lyd og dokker for å skape eit mest mulig levande inntrykk.

Han fortel til Tønsberg blad at kanonane framleis er heilt operative og at varmen og ventilasjonsanlegget står på som om ingenting nokon gong skulle ha vore avslutta. Det ligg kulepenner og loggbøkar att i anlegget der sju mann var meint å skulle klare seg i 30 døgn dersom vi vart utsette for eit atomangrep. Inni sjølve anlegget finnast blant anna toalett, kjøkken og ammunisjonslager.

Gammel forsvarshistorie

Østre Bolærne er ei av tre Bolærneøyer i Oslofjorden. I 1916 vart Bolærne ekspropriert frå grevskapet Jarlsberg og vart fram til 2004 i Forsvarets eige. Beboarane måtte flytte til andre plassar og kystfortet vart bygga opp. Dei aller fleste militære anlegga vart lagt til Østre Bolærne.

I 2004 vart Østre Bolærne sikra for alle. I dag er det Vestfold fylkeskommune og Nøtterøy kommune som eig eigedommen.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.