Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rakke fort i Vestfold

Frå ekstysk kystforttil friluftseigedom

Før

Brukt som:
Tysk kystfort
Beregnet for:
Skole- og øvingsstad for det tyske kystartilleriet

Etter

Brukt som:
Fortifikatorisk kulturlandskap
Beregnet for:
Friluftseigedom
Rakke kystfort ved Stavern i Larvik kommune i Vestfold vart bygga av tyskarane under andre verdskrigen. Fortet var ein del av eit system av militære støttepunkt i Vestfold. Omfattande byggjearbeid vart sette i gang i 1941.

 

På Forsvaret sitt kart frå 1955 er det merka av heile 91 skytestillingar, kanonplattformer, bunkerar, tilfluktsrom, tunnelar, brakker og liknande. I tillegg kjem eit nett av vegar, stigar og trapper. Frå 1943 vart Rakke fort dessutan teke i bruk som skole- og øvingsstad for det tyske kystartilleriet.

Overført til Direktoratet for naturforvaltning

Etter krigen vart eigedommen nytta av av Luftforsvaret, men i 2002 vart skytefeltet lagt ned.

I november 2008 vart friluftseigedommen Rakke fort på 80 dekar forvaltningsoverført frå Skifte Eiendom til Direktoratet for naturforvaltning.

Men før eigedommen vart gjord tilgjengeleg som friluftsområde, gjennomførte vi eit omfattande rive-, rydde- og sikringsprosjekt på eigedommen. Eit tilleggsområde på 160 dekar som Forsvaret leigde av ein lokal grunneigar, vart samtidig tilbakeført til grunneigar i rydda og sikra stand.

Rakke fort tilbake til folket

I nesten 70 år har området med opne svaberg og flott havutsikt vore på «utlån». Før området kunne «leverast» tilbake til vestfoldingane, var det rydda. Dette var for å unngå skadar på både to- og firbeinte.

Sikringa av Rakke fort var omfattande, både på land og i vatn. Djupe løpegraver vart fylte igjen, og piggtrådsperringar og rusta skrot vart fjerna. I tillegg er det rive to bygningar, nokre bunkerar og fleire ammolager. Til slutt vart gjerdet kring den tidlegare forsvarseigesdommen rive, og delar av området vart dekka med jord og sådd til.

Leselege fortifikatoriske landskap

Vi prøver alltid å utføre sikringsarbeid slik at spora frå fortifikasjonane vil vere godt leselege i terrenget som fortifikatorisk kulturlandskap.

Metoden som blir nytta er utvikla i samarbeid med Riksantikvaren, og vi har etter kvart fått brei erfaring med slike oppdrag. Det inneber at for eksempel opningane på bunkerane skal kunne «lesast» ved at ein anten senkar støypen inn eller legg han utanpå, slik at skyteskår, døropningar og liknande kan tydast i ettertid.

I dag står kommandobunkeren og fire gamle kanonstillingar igjen på Rakke fort. Løpegravene mellom skytestillingane og bunkerane er fylte med stein og fungerer no som gangstigar.

Rydde- og sikringsarbeidet på Rakke har kosta vel 3 millionar kroner.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.