Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Soldatheimen i Stavern

Frå kvileheim for tyske soldatar frå østfronten under andre verdskrig til aktivitetshotell og selskapslokale

Før

Brukt som:
Soldatheim
Beregnet for:
Tyske soldatar

Etter

Brukt som:
Hotell og selskapslokaler
Beregnet for:
Rekreasjon

Soldatheimen, ved Stavern i Larvik kommune, ligg idyllisk til i eit parklignende område med utsikt mot sjø og ikkje langt frå strand og vatn.

Eigedomen er ein freda eldre soldatheim, oppført av tyskarane i 1940 . Her skulle tyske soldatar frå østfronten kvila ut, før dei vart send tilbake til fronten. Soldatheimen var ei gåve frå Sudetenland, dei tyskokkuperte delane av Tsjekkoslovakia.
«Soldatenheim Stavern» er utforma slik at han skal symbolisera den tyske riksørnen, sett ovenifra. Bygningen består av eit midtparti med to sidefløyer, og inneheldt blant anna ein stor kino- og teatersal, bibliotek og spisesal med kjøkken. Soldatheimen skulle til kvar og ei tid husa 2 offiserar og 100 menige.

Kommandosentral og kommunal kino

Då krigen var over fungerte eigedomen først som oppsamlingsstad for arrestantar frå Stavern og Brunlanes, blant anna NS-medlemmar og såkalte tyskertøser. Deretter vart det tidlegare soldatheimen brukt som kommandosentral og opplæringsstad for frigjeringsstyrkane.
Allereie i 1945 vart bygd nytta til kommunal kino, noko det vart heilt fram til 1980 . I tillegg var det veldferdssenter for Luftforsvaret.

Aktivitetshotell og selskapslokaler

Då krigen var over fungerte eigedomen først som oppsamlingsstad for arrestantar frå Stavern og Brunlanes, blant anna NS-medlemmar og såkalte tyskertøser. Deretter vart det tidlegare soldatheimen brukt som kommandosentral og opplæringsstad for frigjeringsstyrkane.
Frå 1945 vart bygget nytta til kommunal kino, noko det vart heilt fram til 1980 . I tillegg var det veldferdssenter for Luftforsvaret.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.