Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Torås fort på Tjøme

Frå spionskule til akevittsenter

Før

Brukt som:
Hemmelig fort
Beregnet for:
Spionskule for Forsvarets Etterretningsteneste

Etter

Brukt som:
Akevittsenter og turisthytter
Beregnet for:
Turistar og besøkande
Det tidlegare superhemmelege fortet på Torås like utanfor Tjøme blir nå gjort om til akevittsenter og turisthytter.

 

I gamle dagar var det spionskule for e-tenesta og eit av dei mest hemmelege forta i Norge.

No er idylliske Torås fort på Tjøme delt inn i to ulike delar og selde til kvar sin private investor som ynskja å gjere området om til akevittsenter og turisthytter. Ein tredje del har også to kanonar og fleire bunkerar. Denne delen vart selde til Tjøme kommune som friluftseigedom. Dette området er tilgjengeleg for alle og fleire kilometer med gjerde vart fjerna før fortet vart opna.

-Då Forsvaret eigde eigedomen var det spionskule på staden. E-tenesta sendte dei som skulle bli spionar hit til trening. Det var knytta mykje hemmeleg til denne plassen, seier prosjektleiar Trond Nordy i Forsvarsbygg.

Fortet vart lagt ned og sikra i 1999 etter at Forsvaret avslutta sin aktivitet der. Det var den såkalla «Stay Behind» gruppa som held til i fortet. Dette var ei hemmeleg avdeling som skulle fungere under fiendtleg okkupasjon. Som ein konsekvens av NATO sin beredskapsplan etter krigen vart det bestemd at det skulle byggjast ut eit «Stay Behind» nettverk over heile Europa i tilfelle sovjetisk invasjon. Eit samarbeid mellom Norge, Storbritannia og USA vart etablert kring 1950 og det vart oppretta ei rekke «Stay Behind» grupper med reint militære oppdrag underlagt Forsvarets Etterretningsteneste.

Leik med akevitt

Arve Røys Stranden frå Asker kjøpte nedre del av leire med messe og forlegningsbygg, og ynskjer å lage akevittsenter og nytte fjellhallane til lagring. Tanken er at han skal etablere eit senter for aktivitet og leik der akevitt skal stå i fokus. Dette er planlagt ferdig i løpet av 2013.

Interessegruppa for Torås satsar dessutan på og opne eit lokalt krigsmuseum i ein annan fjellhall, som er eigd av Tjøme kommune, i løpet av 2014. Tjøme kommune vil også arrangere historiske turar der publikum blant anna kan sjå kanonane innvendig.

Feirehyttar

Øvre del av leiren har seks freda bygg og vart kjøpt av ein annen privat investor.

-Han har planar om å restaurere bygga. Det skal bli feirehyttar som kan leigast ut til turistar, seier Nordby.

Han er glad for å sjå at forsvarseigedom som tidlegare har vore stengd for publikum blir tatt vare på og opna for alle.

Heile området er no opna slik at det berre er å ta turen til den idylliske plassen utanfor Tjøme, enten det er for å nyte akevitt eller natur, - eller begge delar.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.