Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kino- og velferdsbygg Skjold

Vi har rehabilitert kino- og velferdsbygget i Skjold leir. 

Leiren vart freda av Riksantikvaren i 2004. Og med det utløyste det vilkår på korleis bygga skal renoverast og takast vare på. Kino- og velferdsbygget er det tredje bygget i Skjold leir som er renovert på vilkåra til Riksantikvaren.

Utstillingsvindauge
Rehabiliteringa som er gjort er omfattande og krevjande. Her er arbeidet gjort så langt mogleg etter dei gamle arkitektteikningane frå Blakstad og Munthe-Kaas arkitektkontor. 

For 20 år sidan var tilstanden på dei fleste bygga i Skjold leir nedslitne og prega av lite investering. Skjold leir er vorte eit utstillingsvindauge på rehabilitering og verdibevaring. Designet og materialvalet frå 50-talet er tatt vare på.

Møteplass 
- Velferdsbygget for Skjold leir er også viktig for Målselv kommune. Her går vi på kino, og her samarbeider vi med Forsvaret om kulturkveldar. Det er eit viktig møtepunkt mellom det sivile og militære. Eg er imponert over at Forsvarsbygg og Forsvaret viser at dei tek vare på gamle bygg og gjev dei ny verdi, sa ordførar i Målselv kommune, Helene Rognli på markeringa.

Operativ evne
God velferd for soldatane er eit viktig element for å gje god operativ evne. 
– Velferd blir det satsa på i Skjold leir, og det er viktig at det skjer i god integrasjon mellom lokalsamfunnet, soldatar og dei nytilflytta familiane som skal arbeide her, sa plassmajor for leiren Kristian Ouren.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.