Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Luftforsvarets base på Haakonsvern

I 2016 stod Luftforsvarets base for nye helikopter klar på Haakonsvern utanfor Bergen. Basen er bygd for å huse seks nye helikopter av typen NH90.

Helikopterfasilitetane skal huse dei seks nye NH90-helikoptera til Luftforsvaret, som skal ha base på Haakonsvern. Luftforsvaret sine NH90-helikopter på Haakonsvern skal stø fregattvåpenet og Kystvakta. Byggjearbeida tok til i 2014 og vart ferdigstilte i 2016.

Fleire nye bygg
Byggjeprosjektet omfattar hangarar, kontor og plassar for oppstilling av helikopter på Haakonsvern. Kontor og rom for operative funksjonar er etablert i eit eksisterande kontorbygg, medan det er bygd ein ny hangar med plass for vedlikehald, garasjering og klargjering av NH90. I tillegg er det etablert verkstader, lager for utstyr og omkledingsrom.

Prosjektet inneber også ein ny veg opp til Store Bogøy.

Arkitekt er Norconsult.

Foto i bildekarusell:
Bilde 1-4: Forsvaret/ Jakob Østheim
Bilde 5 og 6: Forsvaret/ Lars Røraas

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.