Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Visund på Haakonsvern

Forsvarssektoren sitt fyrste nullenergibygg på Haakonsvern. Bygget vart ferdigstilt i desember 2015, og har gått inn i teten blant dei mest energieffektive kontorbygga i Noreg.

Forsvarsbygg har bygget eit nytt administrasjonsbygg for Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) på Haakonsvern utanfor Bergen. Bygget, med namnet Visund, er på 2200 kvm fordelt på tre etasjar og har omlag 100 kontorarbeidsplassar. Det er eit moderne og brukarvenleg bygg å vere i. Det er fleksibelt i bruk, samstundes som det varetek dei spesialiserte behova som Forsvaret har.

Nullenergibygg
Det utrekna forbruket på 16 kWh per kvadratmeter per år, gjer at bygget får 96 % lågare straumrekning enn det gamle bygget har i dag. Bygget er utvikla i samarbeid med forskingssenteret ZEB.

Sjøvarme
Det er mange ulike tekniske løysingar som til saman gjer at Forsvarsbygg oppnår nullenergimålet. Blant anna er sjøvarmepumpa på Haakonsvern og solcellepanel på taket viktige element i denne samanhengen. Det tyder at det nye bygget kan produsere ganske mykje energi av seg sjølv.

Zero Emission Building
ZEB står for zero emission building og er eit internasjonalt omgrep for bygg som har eit svært lågt energiforbruk og er utan klimabelastningar. ZEB er også namnet på forskingssenteret ZEB som er leidd av NTNU og SINTEF i Trondheim. Her vart bygningssektoren peika ut som den største bidragsytaren. ZEB har blant anna som oppdrag å finne ut korleis ein kan byggje bygningar med svært lågt energibehov.

Arkitekt er Link arkitektur. 

Foto over: Hundven-Clements Photography.

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.